9.362 registrerte koronatilfelle i Noreg – igjen er trenden aukande

Av

Det var registrert 9.362 tilfelle av koronasmitte i Noreg ved midnatt natt til onsdag, ifølgje FHI. Trenden er aukande for første gong sidan april, skriv VG.

DEL

(Firdaposten) Smittetalet utgjer ein auke på 28 tilfelle det siste døgnet, ifølgje dei førebelse tala henta frå Meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS). Dei siste to dagane er auken på 94 tilfelle.

VGs utrekningar viser at trenden er stigande for første gongen sidan 3. april, og han har vore flat sidan 14. mai.

Tolv koronasmitta pasientar var innlagde på norske sjukehus tysdag, to færre enn måndag. Éin pasient får respiratorbehandling, viser tal frå Helsedirektoratet.

FHI har registrert 256 koronarelaterte dødsfall her i landet.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken