(Telemarksavisa) To år har gått sidan Anders Kvåle Rue jobba med filmen «The Northman» som denne våren hadde premiere på kino.

– Eg vart kontakta av dei på anbefaling av Neil Price, ein skotsk vikingtidshistorikar. Han meinte at eg måtte hjelpe dei med utforminga av «armor» – det ein på norsk kallar rustning, men som her gjaldt klesplagg, hjelmer og brynjer, fortel Rue.

Spennande

Det er fyrste gong Rue har jobba for ein utanlandsk filmproduksjon og fortel at det er eit annleis nivå enn i Noreg.

– Dette er ein hollywoodproduksjon som dei får laga og spelt inn i Irland. Det var veldig spennande og annleis enn kva eg var vant til, men tematikken vikingtid er det eg stort sett har jobba med dei siste 20 åra, så der følte eg meg heime, fortel han.

Arbeidet gjorde han heimanfrå før han reiste til innspellinga i Belfast og var vikingtidskonsulent.

– Eg satt her og tegna, sendte dei teikningar på e-post og hadde videomøter med dei. Dei ville også ha meg over for å svare på spørsmål frå dei ulike avdelingane som bygde hus, vikingskip, rekvisittar og kostymer, fortel Rue.

I tre dagar reiste han frå avdeling til avdeling som ekspertkonsulent på vikingtida.

– Det var ei stor oppleving å være i Belfast og på filmsettet – da snakkar ein verkeleg om filmindustri. Det var nærast ein kjempemessig fabrikkbygning der dei hadde store lokale som dei bruka til å bygge bygningane som vart sett ut i landskapet i Irland, forklarer han.

LES OGSÅ:

Grundig og autentisk

Gjennom fleire år har Rue sett seg grundig inn i vikingtidstematikken. Som illustratør og designar jobbar han for å berike produksjonen på ein måte som løftar heilskapen.

– Eg har satt meg grundig inn i tematikken både gjennom litteratur og museumsbesøk, men eg har også eigne erfaringar frå å ha drive med fekting og segla med vikingskip. At ein veit kva for tau som må brukast i båten, korleis ein får seglet opp og ned, og å ro i takt har betydning for korleis ein lagar illustrasjonane, seier Rue.

Og den kunnskapen kom filmen til gode.

– Manuset til «The Northman» vart sendt til meg slik at eg kunne koma med kommentarar til det eg meinte var uautentisk. Mange av detaljane som eg kommentera på vart endra i filmen. Det var festlig å sjå at dei fylgde kommentarane mine, seier han.

Ifølgje Rue er «The Northman» den mest autentiske vikingfilmen som er laga.

– Det har blitt laga masse filmar om vikingtida som har blitt sagt er autentiske, men som ikkje er det. Kunstneriske omsyn har trumfa det autentiske. I denne filmen har dei vore kompromisslause til å ha arkeologisk ryggdekning for alle visuelle valg. På den måten er det ein eineståande film, seier Rue.

Ågrip

Rue er også aktuell som illustratør av boka Ågrip som er gjett ut av Saga bok. Han har laga 23 illustrasjonar til boka i det som kallast snorrestil.

– Det er ein forholdsvis enkel stil og er stort sett ein svart, grafisk strek som eg malar ut med pensel og pennesplitt med flytande blekk, seier Rue.

Boka er den første norsk kongesagaen som vart nedtegna på norrønt i Noreg.

– Boka er lita, men veldig interessant og viktig. Dei fleste har eit forhold til Snorres kongesagaer, men det har blitt laga fleire parallelle verk i middelalderen som har komme i skuggen her i Noreg i moderne tid. Ågrip er skrift som er laga kanskje 80 år før Snorres kongesagaer, fortel han.

Fleire sagaer

Han beskriver det som givande å jobbe med sagalitteraturen.

– Stoffet blir spennande, for det har med eiga historie å gjere. Sagafortellingane inneheld også masse dramatikk som er avgjernade for historias gang vidare. Det er fengslande, seier Rue.

Saga Bok har bestemt seg for å gje ut fleire sagaer som opphavleg er norske som Rue skal sette illustrasjonar til.

– Ågrip var den fyrste boka. Den neste er den legendariske Olav-saga og kan kallast den fyrste biografien som vart skrive om Olav den hellige og som er norsk skrift. Det verket har eg akkurat blitt ferdig med, fortel han.

LES OGSÅ: