- Eg skreik for livet

Ute med bok: Over en million fulgte  med da Lothepus vant  realityserien «Farmen kjendis» vinteren 2017. Men hvem er han? Et ekte mannfolk? En dinosaur med forkvakla kvinnesyn? En snill og hjelpsom mann? En som gir faen? En tulling? Et geni?. Boka gir noen svar.

Ute med bok: Over en million fulgte med da Lothepus vant realityserien «Farmen kjendis» vinteren 2017. Men hvem er han? Et ekte mannfolk? En dinosaur med forkvakla kvinnesyn? En snill og hjelpsom mann? En som gir faen? En tulling? Et geni?. Boka gir noen svar.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Lothepus var nær ved å bli knust i en borerigg ved Møsvatn

DEL

Leif Einar Lothe, bedre kjent som Lothepus, havnet på Rjukan sykehus etter en arbeidsulykke ved Møsvatn. I boka si «Går det til helvete så går det til helvete» forteller han om den dramatiske hendelsen . Med tillatelse fra Samlaget gjengir vi kapitelet «Å sjå døden i kvitauget». Boka er ført i pennen av Finn Tokvam.

Eg jobba raskt. Det var ein kald vinterdag ganske høgt til fjells i Telemark, i tida etter konkursen mens eg arbeidde for Åsmund Løvås.

Eg stod med boreriggen på ein stor fjellknaus. Vi skulle sprenge ut stein som skulle brukast til å bygge ein molo. Så skulle eg skifte borestong, altså sette på ei til for å bore djupare. Eg gjekk med vottar, men tok dei ikkje av meg. Eg syntes ikkje ting gjekk fort nok og blei uforsiktig. Mens eg drev på, hekta votten seg fast i boreriggen. Eg reiv og sleit, men hang bom fast i stonga som bora seg med tre tonns kraft ned i fjellet.

Eg blei dregen inn mot stonga. Eg visste med ein gong at no er det slutt. No er det takk og farvel. No blir det berre slintrer og kjeledressen igjen av meg.

Eg blei pressa igjennom den 70 centimeter tronge opninga mellom boren og riggen. Eg var så liten at kroppen min så vidt blei dregen gjennom utan å sette seg fast. Handa var klemd fast oppe,mens resten av meg følgde boren rundt.

Høgrearmen min blei vridd rundt boren. Eg kjende eg rakna nedover armen. Hjartet pumpa. Eg skreik. Smertene var grufulle. Eg blei skrudd meir og meir. Eg hadde ingen sjanse til å nå tak i naudstoppen. Og eg var åleine. Armen gjekk ein gong rundt stonga. Eg høyrde den tørre lyden av bein som knakk gjennom motorduren. To gonger gjekk armen rundt stanga. Eg heldt på å besvime. Såg glimt frå livet mitt framfor auga. Det knakk i armen igjen. Tre gonger var den snurra rundt stonga. Det var eit sjukt syn. Det begynte å svimle for meg. Armen var fletta rundt stanga, og eg venta på at han skulle bli riven av. Eg venta på at heile kroppen min skulle rivne. Eg kjende enorme smerter i hofta. Eg ville gi opp, men kjempa imot, sjølv om det var nyttelaust. Det kjendest som at alt gjekk uendeleg sakte og rasande fort på same tid. Sidan eg var såpass liten, blei eg ikkje mosa mellom den roterande boren og riggen, slik fleire har blitt i liknande ulykker.

Heldigvis hadde eg gjort ein feil rett før eg hekta meg fast. Eg hadde opna klypa, slik at borstonga stod mot bakken, så til slutt blei eg hengande fast inni der i fullt spenn. Slaget på boreriggen stod heller ikkje på, då hadde eg blitt riven i bitar med ein gong. Det var ein mann til på denne øya, men han dreiv på mykje lenger nede, inne i gravemaskina si. Eg skreik for livet. Eg skreik så høgt og så lenge at han høyrde meg gjennom bråket frå boreriggen og gravemaskina.

Han kom springande og såg at eg var i ferd med å bli sliten sund. Han kunne ikkje handtere boreriggen, så eg måtte forklare.

«Ta begge nevane på spaken nærast deg. Set han i midtstilling.» Da stoppe boren. Men eg satt framleis i spenn. Så eg måtte fortsette å instruere han, slik at han fekk kjøyrt boren andre vegen.

På den måten fekk han sakte skrudd meg laus. Så ringte han etter hjelp. Eg ramla saman i snøen. Det var iskaldt, men eg har aldri vore varmare enn då eg låg der. Sveitten rann. I tillegg til armen min var den eine foten øydelagd. Og mens eg lå der, kom smertande for fullt, men eg hadde utrolig nok overlevd.

Åsmund Løvås kom i rasande fart med snøscooter. Han frakta meg dei over to mila ned frå fjellet, før han lempa meg inn i ein bil og køyrde meg til Rjukan sykehus. Der skar dei av meg restane av kjeledressen og dopa meg ned. Ein lege skulle halde den knuste handa mi så dei fekk teke røntgen. Han mista grepet, og armen min dingla som kokt spagetti. Eg var full av morfin, så eg hadde ikkje smerte, men eg har aldri sett ein lege så kvit i trynet.

Ein overlege knipsa meg på nasen for å sjå om eg hadde følelse. Eg reagerte momentant.

«Ein gong til, så slår eg deg i hel med den friske neven».

Då lo han godt. «Etter kjeften å bedømme er det gode sjansar for at du overlever», meinte han.

Dei hadde mykje arbeid med meg. Det var mange bein som var knekte og knuste. Men då dei ble ferdige med operasjonane, kom eg endeleg heim. Eg fekk klar beskjed om å ta det med knusande ro. Det klarte eg ikkje, så etter to dagar var eg i gang att. Eg sveiste med den friske handa, men det var ikkje så lurt. Så då braut eg opp igjen driten, og måtte inn att på sjukehus.

Eg blei aldri heilt bra. Og etter kvart ville legen heime erklære meg ufør. Det ville sjølsagt ikkje eg, men så var eg heldig å trefte på ein annan lege. Han sende meg til Rikshospitalet og ein spesialist der. Og han fann ut at det eine beinet i armen framleis var knekt.

Så då var det inn til ny operasjon, der dei henta bein frå hofta og la inn i armen. Eg hugsar ikkje operasjonen, men gjett om eg hugsar røyksuget då eg vakna i den forbanna sjukehussenga.

Eg måtte ha røyk. Eg reiv av meg nokre proppar og leidningar og sjangla ned etasjane og ut framfor hovudinngangen.

Eg tente ein sigarett. Tok tre djupe før eg seig saman i grusen der. Då kom det ein kar i kvit frakk springande. Han snakka til meg, men eg berre babla og snøvla. Så då fekk han meg opp i ein rullestol og trilla meg inn på psykiatrisk avdeling.

«Stopp for helvete. Dette er feil» prøvde eg å få fram. Men dess meir eg protesterte, dess sikrare blei han på at eg hadde rømt.

Etter mykje om og men innsåg dei at eg høyrde til lenger oppe i etasjane. Og der oppe var det kaos. Legar og sjukepleiarar sprang rundt og leita etter meg. Dei hadde ikkje forventa at eg skulle vakne så raskt opp igjen etter operasjonen, og trudde i alle fall ikkje eg var i stand til å komme meg ut av senga og ned for å røyke.

Det er framleis noko som er knekt inni armen min. Eg får av og til vondt i hofta mi. Spesielt viss eg ler. Og eg har mange gonger vakna med mareritt etter turen i boreriggen. Spesielt den første tida etter ulykka. Men eg overlevde, og da får eg heller leve med at det er omtrent like mange boltar inni armen min som det er boltar i ein halvlang vestnorsk vegtunnel"


Reddet av en tinndøl

Den moderne Lothepus ble døpt på Møsstrond – der holdt han også på å dø. Etter å ha blitt skamfert av en borerigg, var Rjukan sykehus godt å ha.

- Ulykken skjedde i forbindelse med at vi lagde en nedfart til en molo ved Kromviki ved Møsvatn, fortalte Leif Einar Lothe til RA tidligere i vinter - han er aktuell med boka «Går det til helvete så går det helvete». Slik kunne det også ha gått en sommerdag for vestlendingen, men en kar i fra Austbygde sørget for å avlyse den turen. Det er Lothepus takknemlig for idag.


Reddet av en tinndøl

Mannen som reddet Lothepus ut av knipa var Halvor Eggerud fra Tinn. Han jobbet med en anleggsmaskin et stykke unna, men hørte ropene fra den fortvila hardingen. Tinndølen kom løpende.

«Ta begge nevane på spaken nærast deg. Set han i midt-stilling.»ropte Lothe.

Eggerud fikk stanset boreriggen, men den skadde satt fortsatt bom fast. Etter litt plunder fikk han Lothepus løs og ringt etter hjelp.

Enden på visa ble at sjefen hans, Åsmund Løvås, fikk lagt den skadde inn i bilen. Deretter gikk det i full fart på riksvei 37, strake veien til sykehuset.


Lokalsykehuset

- Jeg ble lappet sammen på Rjukan, dengang het vel sjukehuset Blefjell eller noko slikt. Begge beina i ene armen var knekt. Sjøl om jeg kom i arbeid igjen etter kort tid, kjenner jeg fortsatt den smellen der, sier skytebasen, som er kjent for å fyre av den ene verbale salva etter den andre i tv –serien «Fjorden Cowboys» .

Han arbeidet rundt fem år i Løvås Maskin AS og husker det som en fin tid.

- Det var mange oppdrag i traktene på Møsstrond og Rauland. Ble kjent med en rekke trivelige folk, blant andre Gardsteigen og dei karane der, forteller Lothe.


Einar Vågen

Her fikk han også kallenavnet sitt, som har blitt et varemerke for entreprenøren, artisten og TV-personlighet. I boka si forteller han mer utførlig om navnet han fikk som 32-åring.

«Eg jobba oppe i fjella i Telemark med gravemaskin, og blei god kompis med folka og bøndene i området. Ein dag vi heldt på der, var det ein arbeidskompis som ropte til meg: «Kom her, Lothusen.» Og så var det ein pensjonist som heitte Einar Vågen som stod der. Han høyrde feil i all motorduren og reagerte momentant. «Herregud, kallar de han for Lothepusen?» Då var det gjort. Meir skulle det ikkje til. Dei eg jobba saman med, syntest Lothepus var eit hysterisk morosamt namn, og begynte straks å kalle meg det. Sjølv tenkte eg det var eit rart og litt dumt namn, men eg merka meg òg at det er eit namn som kling bra. Og ikkje minst eit namn du aldri gløymer. Så eg blei raskt glad i det»

Siden ble navnet et varemerke.


«Eg klistra Lothepus og telefonnummeret mitt på arbeidsbilen min. Eg brukar det innanfor musikken, tv-jobbinga og andre område, så eg er salige Einar Vågen frå Telemark ei stor takk skuldig. No er eg ikkje berre Leif Einar. Eg er Lothepus.»


Sallar og rallar

Han tar det meste på strak arm enten det er Farmen-kjendis, synge duett med Vendela Kirsebom, ri en hest i fylla eller sprenge en bergknaus. Derimot er det mindre kjent at hardingen er opptatt av anleggskulturen. I 2009 debuterte han med plata Sallaren som ifølge han sjøl er en samling « typiske rallarviser om hverdagslivet i Hardanger». Et par av dem er også eldre viser fra Voss.

Tittelen er en lokal betegnelse på en som ser lyst på livet.

- Jeg synger de sangene fortsatt, sier han.


Til Tinn ?

- Legger du sommerturnéen innom Tinn?

- Ja, det er bare å sende en invitasjon, så kommer jeg og bandet, svarer artisten.

Han er vokst opp på på en gård i Rogdo , et klyngetun i fjellsida- en mils vei Odda. Faren drev med maskiner og sprengning, mange av de eldre naboene han ble godt kjent med, hadde også vært i anleggsbransjen.

- Jeg har alltid vært mye sammen med gamle folk og hørt på historiene deres, sier mannen, som i dag driver et anleggsfirma med åtte ansatte.


Stalltips for slusker

Rett etter skolen flytta han inn på brakkerigg. Maskinføreren ble etter hvert dreven til å pigge ned løst fjell etter sprengning i tunell. Her gjorde han seg noen erfaringer om brakkelivet, slik som sikkert rallarne i Vestfjorrdalen gjorde i anleggstida :

«Kokka er den viktigste personen på en brakkerigg. Bli venn med kokka. Det er mitt tips til kommande anleggsluskar. Ver snille med kokka. Det lønner seg, for ho passar på deg»


Dynamitt og kraftsalver

- sitater av og om Lothepus


«Eg hugsar så godt noko ein lærar sa til meg ein dag på skulen «Det kjem ikkje til å bli noko av deg» No kan han sitte der med minstepensjonen sin og ein kartong med surmjølk»

«Det var harde kår då eg vaks opp. Fall du utanfor systemet, var du verkeleg utanfor. Då var du idiot. Eg ser korleis eg har det på skolen i dag. I Odda er det fantastisk. Ungar får utvikla seg. Dei lærar å stå påein scene. Lærar å bli menneske. Lærene ser eleven. Dei er der for ungane. Før var vi elevane der for lærarane.»

«Eg trong at nokon kom bort til meg. Eg trong nokon som kom bort til meg utan å vere dritfulle. Men så feige er vi menneske. Eg bar sorga mi aleine»

Leif Einar var 17 år da han mista sin 10 år gamle bror Stian i en traktorulykke.

"Vi menn må skjerpe oss. Vi synest at det er flautt å gå til psykolog. At det er eit nederlag. Eg tenkjer slik sjølv også, men det er jo ikkje bra. Det er ikkje slik det skal vere."

«Det kan ikkje kallast ein heim om det ikkje er plass til ein dumpar i tunet»

«Folk tenkjer på ungar, is og brus i samband med 17.mai. Eg tenkjer først og fremst på dynamitt»

«Dette er ein sjølvbiografi utan dei kjedelege delane.» Lothepus om boka som Finn Tokvam har ført i pennen.

«20.august. Då startar villreinjakta. Eg har knapt tid til å stenge døra på gravemaskina før eg stryk til fjells. Frå eg var liten gut, var eg kvar haust med på reinsjakta. Eg har ikkje tal på kor mange dyr det har blitt opp gjennom åra»

Lothepus om jaktopplevelsene rundt hytta Hansebu på Hardangervidda.

«Og dette maset om å reise til Syden . Til og med midt i reinsjakta. Det er jo sjukt»

xxxxxxxxxxxxxxxxxxxxx

« Årets artigste bok, med god margin, full av livserfaring som den oppvoksende slekta sårt kan trenge. ... Boka til Lothepus bør settes på pensum» - Tollef Mjaugedal, Klassekampen


Fra Julius til Lothepus. Samlaget har virkelig fornyet biografiprofilen sin denne høsten. Men av de to apekattene er det nok Julius som har fått den beste boken. Selv om den om Lothepus har flest bilder. Sindre Hovdenakk VG


Det var en gang en kar som fanget laks med grabben på gravemaskinen. Og skøyt ørret med hagle. Og mannen ble kalt Lothepus. Og boken hans? Den er bra, jæskla bra!bra, jæskla bra! Mari Grydeland, Aftenposten

(Alle sitatene - bortsett fra de tre siste er fra boka)


Artikkelen har stått på trykk i papirutgaven til Rjukan Arbeiderblad tidligere i vinter.


Artikkeltags