Den godkjente Helse og omsorgsplanen i Tinn vil posisjonen endre!

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Endeleg fekk Annbjørn Lurås svar frå ordføraren i formannskapet sist veke, eg har berre sett referatet frå dagens RA 12. september, men det avlar mange spørsmål hjå meg.

Først vil eg konstatere at gjeldande Helse-og sosialplan for Tinn er samrøystes vedteke av kommunestyret. Det posisjonen no driv med er ei endring av denne planen, og ut frå det ein kan lese i RA kan det bli vesentlege endringar av den planen. Det blir sagt at dei arbeider med 4 alternativ. Og eit er å nedbyggje avdelingen for sterkt pleietrengande ved Tinn Helsetun. Det er vi sterkt i mot vi som soknar til Tinn Helsetun, eg har tidlegare grunngjeve det i RA.

Kommunaldirektøren seier i fylgje RA bl.a.:» Et forstudie av alternativene vil foreligge sent i høst og det haster med å få fastlagt fremtidas omsorgsplan for Tinn. Vi har vært svært grundige i forstudien og vi har et godt grunnlag for beslutning. Når vi har fått vurdert det fjerde alternativet som kommer etter kommunestyret i neste uke, vil jeg som kommunaldirektør innstille ett av alternativene som anbefaling», seier Svein Aannestad.

Det fremgjeng at kommunaldirektøren har kjøpt konsulenttenester frå eksterne for å få ei god vurdering av bygningar, bemanning og økonomi.

Og kommunaldirektøren er tydeleg godt fornøgd med det arbeidet han der har leia.

Men kommunaldirektør: Kor kjem vi folket, brukarane inn i bildet. Vi har visst at vi har ein godkjent Helse- og sosialplan som det tok lang tid å utarbeide. Men så har vi berre høyrt gjete at det foregjeng ei utgreiing som kan bety ei stor omgjering av denne planen. No får me altså bekrefta at det er tilfelle.

Vi må sjølvsagt få den nye planen lagt ut til offentleg høyring, og det bør gjerast før kommunaldirektøren legg fram si anbefaling. Kommunaldirektøren har ikkje grunnlag for si anbefaling før bl.a. vi, folket, også har fått uttale oss. Det er i tråd med offentleg forvaltning, særleg når det gjeld ein Helse- og omsorgsplan som vil vedrøre alle innbyggjarane i Tinn. Og kva vi brukarane meiner må kommunaldirektøren vere interessert i, og ta omsyn til. Og eg forutset at posisjonen også er det.

Eg ber kommunaldirektøren bekrefte at den reviderte Helse og sosialplan blir lagt ut til offentleg høyring.

Austbygde 12. september 2020

Halvor Lurås

Artikkeltags