Dramatisk for Tinn helsetun- Kva pokkeren er det posisjonen driv med?

Av
DEL

LeserbrevSteinar Miland skreiv på Facebook 3.6.20 da han var blitt merksam på denne saka, og vidare skreiv han eit innlegg i RA 04.06.20. Eg sluttar meg til det aller meste av det Miland skriv, bra han er vaken så folk flest blir orientert om kva dei driv og tuskar med i dei kommunale korridorane. Ingen finn bryet med å orientere oss.
I sitt facebookinnlegg refererer Miland til deler av eit brev frå helsesjefen som er sendt ut til eldrerådet, datert 15.04.2020. Der står m.a.:
«Det er vedtatt at når det gjelder samlokalisering så skal Rjukan sykehus inngå - det er ikke avklart på hvilken måte. Dette påvirker ikke planprosessen direkte nå. Det kan påvirke størrelsen på helse- og omsorgssenteret og gi andre føringer for planprosessen.

Det er videre vedtatt følgende: For å få mest mulig ut av bemanningen innen helsetjenestene, bør det utredes om Tinn helsetun skal utvikles til et bo og livsstilsenter/omsorgsboliger/omsorgsleiligheter og at pasienter med større pleiebehov får plass på Rjukan. Denne utredningen er startet. Dette kan påvirke hvor mange institusjonsplasser og omsorgsboliger man må beregne plass til i området ved Eldres hus.»

Ein prøver her å sukre sine nedleggingsplaner for dei sjukaste på Tinn helsetun med eit fint ord om at Tinn helsetun skal utviklast til eit bu- og livsstilssenter. For noko sludder og vås, Tinn helsetun er ein bra plass med varierte tilbod. Slutt å bruke tid på dette prosjektet, det har vore prøvd før. Gjeng de vidare med dette kan eg love at vi skal mobilisere og lage bråk. Vi vil ikke sende frå oss våre eldste og sjukaste. Forslaget er rett og slett trist og hjarterått mot ei svak gruppe. Vi vil ha dei her på Tinn helsetun så vi kan besøkje dei i deira siste tid. Det er langt til Rjukan særleg frå Tessungdalen og Hovin, og det er over 3 mil også frå Austbygde, og dei som mest gjeng på besøk er sjølv eldre og for dei blir vegen til Rjukan ekstra lang. Prøv ikkje å øydelegge eit vel fungerande Tinn helsetun. Konsentrer dykk om å få eit helsetilbod på Rjukan som og kan få eit ordentleg lyft bygningsmessig og koma på minst nivå med Tinn helsetun.

Argumentet for å nedlegge deler av Tinn helsetun er: «For å få mest mulig ut av bemanningen innen helsetjenestene». Ikkje øydelegg helse- og sosialplanen, den tek høgde for dette ved at alt på Rjukan samlast på eit utvida Eldres hus. Det er m.a. difor alt skulle bli samla der, særleg for å få ei tilfredstillande sjukepleiedekning. Med verksemd på Rjukan på to stader blir det svært dyrt.

Så blei det over bordet i helse-og sosialutvalet foreslege å utreie om to av dei tidlegare hybelblokkane kan byggjast om til omsorgsleilegheter. Dette er berre ei avsporing, få rive desse blokkene, dei inngår ikkje i Verdensarven. Vi treng plass for å få gode løysingar der nede. Dei burde vore rivne allereie i førre periode, det går for seint. Men det blir ikkje betre av dette utsetjingsforslaget.


Artikkeltags