Eldreomsorga i Tinn

Av
DEL

LeserbrevDet er med stigande uro eg les om utviklinga innan eldreomsorga i Tinn. Etterkvart som eg vert eldre, veit eg at tida nærmar seg då eg kan få bruk for denne tenesta.

Tinn har hatt ei god eldreomsorg og eg har tenkt at slik vil det vera også framover. Difor har eg ikkje tenkt så mykje på det, men at kommunen måtte gå til andre kommunar og kjøpa teneste der, hadde eg ikkje sett for meg. Særleg ille synes et er at pasientar med behov for skjerming (demente) må flytta ut av kommunen. Dette er dei svakaste av dei svake som mest av alt treng ro,stabilitet og å ha familien nær. Og kva kostar det ikkje, både menneskeleg og økonomisk.


Rjukan sykehus venner

Når administrasjonen ikkje har sett kva som kunne skje, hadde eg forventa at politikarane ville teke tak i det. Disto meir fortenestefullt er det at Rjukan sykehus venner lyfter dette opp til diskusjon. Rådmannen skal vita at venneforeninga har i alle år arbeida for innbyggjarane sine interesser. Dersom rådmannen trur noko anna, tek han i miss og vitnar om historieløyse.


Tidsperspektiv

Det har vore nemdt at utbygginga av Eldres Hus kan ha eit 10 års tidsperspektiv. Kva vil kommunen gjera i mellomtida ? Fortsatt kjøpa fleire plassar i andre kommunar? Tenk om det er ingen plassar til sals. I denne ombyggingsperioden vil kommunen vera heilt avhenging av tidlegare Rjukan sykehus. Tenk om huset vert selt og den nye eigaren vil ha huset tømt. Då vil kommunen koma i ein svært vanskeleg situasjon. Det kan koma til å kosta dyrt.


Økonomi

Opp til 1 milliard har vore nemdt for denne sentraliseringa. Har kommunen råd til dette? Eller skal sviktande økonomi gå ut over dei eldre ? Det er ei sterk tru på å samla mest mogeleg, skal gje stordriftfordeler. Det er mange gode argument for, men også mot.

Det kan kosta meir og ikkje mindre.


Samling på Eldres hus

Vedtaket om utbyging av Eldre hus ligg fast seier ordføraren for det har kommunestyret bestemt. Naturlegvis kan kommunestyre gjera om sitt vedtak. Det må berre ikkje gå prestisje i det på bekostning av dei eldre. For meg ser det ut for at forutsetningane for dette vedtake ikkje har vore reelle. Eg har vondt for å tru at kommunestyret såg kva som ville koma. Eller var det nokon som visste det og håpa at kommunen skulle tena pengar på å redusera tilbodet?

Nedlegging av 15 senger på Eldres hus, flytting av rehabiliteringsavdelinga og legevakta ville måtta medføra store overgangsproblem. Det skulle ikkje stor innsikt til for å forstå det. Samstundes som eldrebustadane ved Eldre Hus sto tomme utan at dei vart erstatta med nye omsorgsbustader.


Løysinga

For meg synes løysinga vera klar. Kommunen vil vera avhengig av å bruka tidlegare Rjukan sykehus i mange år framover. Det beste vil vera å kjøpa huset.. Samstundes kan ein ha som eit framtidig mål å byggja ut Eldres Hus slik som tenkt. Det vil skapa ro i situasjonen. Og så må kommunen ha som minstekrav å gje alle som treng det ei tilbod i vår eigen kommune. Noko anna vil vera ei fallitterklæring.




09.06.2019


Einar Opedal

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger.

Artikkeltags