Nær pallplass for borna i Tinn

Hovin skule

Hovin skule

Av
DEL

Nesten pallplass får Tinn frå UNICEF sin gransking av ressursar tildelt borna. Ein har grunn til stolt over å vera tinndøl, og kunne lesa dette i lokalavisa torsag 06.12. Det vitnar om at

politikarane prioriterer på rett måte. Som kjent er det denne gruppa som er framtida.

Kommunalsjef Gjertrud Nysæter Lien seier at me likevel ikkje, relativt sett, er dyrare enn andre kommunar.

At små skular kostar litt meir i enn i dei med høgare elevtal, bør ikkje overraske nokon. Vidare meiner Lien at med endra skulestruktur, ville ein kanskje få meir for pengane?

Det er verd å merkje seg at ho legg inn eit ”kanskje”. Mange byråkratar og politikarar hevdar at det er til elevane sitt beste å gå på store skular . Forskinga er på ingen måte eintydig i ein slik påstand.

Derimot er forskingsresultat eintydige på at lang arbeids-og skuleveg er krevjande. Såvel for fysisk som psykisk helse.

Dei folkevalde, også for hoværingar, som eventuelt skulle koma i posisjon, og ønskjer å leggje ned Hovin skule, bør ta med seg eit råd: Bli med i kvardagen til ein elev på 6 år som skal innom SFO før og etter skulen, i tillegg til den lange reisa. Tenk vidare at dette skal du gjera den eine dagen. Eleven har 1900 dagar i ti år framfor seg. Eller 3,8 gonger kring ekvator.

Om seksåringen kunne lesa, ville han undre seg om han las avisa at Tinn kommune har eit av dei beste tilboda til born.

Ole Grov

Stilling


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger.

Artikkeltags