Regional plan for Hardangervidda

Av
DEL

LeserbrevJa, da skal det til vurdering om vegen over Imingfjell, Fylkesveg 124/755 Tessungdalen til Uvdal skal bli vinteråpen.

Ein veg som har vore snakka om, og ønsket av månge heilt frå 1930 åra, men som fyrst vart ein realitet i 1956.

Det er fjellet som har vore vegen imellom Uvdal og Tinn, og alle slepene vitner om det.

At vegen var kjærkomen og nødvendig for månge er forståeleg.

Dette er vel ein veg som burde ha livets rett, og som bør vere åpen året rundt, da den verkeleg oppfyller dei ønsker som det strebes etter pr i dag.

Her er det verkeleg besparelse av tid og avstander så dette bør vel vere midt i blinken for Miljøbevegelsen også.

Når det gjeld rein i forbindelse med vegen bør vel erfaring frå tidlegare år vere viktige bevis på at Rein hverken har eller har hatt noko problem med å krysse vinterbrøyt veg.

Påskas rullering er i mars eller april, da har det vore rein på Lufsjåtangen før, i, og etter påske fleire gonger, og da er det ikkje lett og forstå at vegen blir stengt før og etter påske.

Vegen blir også brøyt til Småroe i skuleferiane.

Det som er problemet er hverken rein eller vegen, men dei som er imot sjølve Vegen med sine argumenter og påstander.

Renhårigheten bør gjelde her også

Utan tvil so er det vel lokalkjende folk, og deriblant fleire som har gjett rein som er frå Tinn og Nore og Uvdal som har best kunnskap angående denne avgjørelsen ,og som no ser fram til ein vinteråpen veg.

I Fylkesplan står det at arbeid med plan skal bygges på kunnskap om reinens og folkets ferdsels vaner, og for lokal samfunnsutvikling. Her er det forarbeidet gjort!

Når det gjelder kostnad på vinteråpen veg så kan vel dette ikkje vere uoverkommeleg hverken for Viken eller Vestfold Telemark.

Vegens totale lengde på fjellet: 11,6 Km.

Buskerud sin del: 7,8 Km.

Telemark sin del: 3,8 Km.



Hans E. Gunleiksrud

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger.

Artikkeltags