Innspel om prøveprosjekt for brøyting av Imingfjellvegen – FOLK TIL FOLK

Av
DEL

LeserbrevFøreord til bok om fjellpartiet Numedal - Tinn (Luftsjåtangen)

Eg har gjennom mange år samla stoff til ei bok om fjellpartiet mellom Tinn og Numedal. Bokas intensjon er ved dokumentasjon å vise ferdselsvegar og den store ferdsel på dette fjellpartiet. Langs dette fjellpartiet gjekk Store Normannsslepa, den tidas Europaveg med stikkvegar ned i dalane på kvar side. Eg vil vise hendingar som knyter seg til dette fjellpartiet og korleis skiftande tider har gjort det nødvendig for lokalbefolkningen å finne nye næringsvegar for å kunne bu og livberga seg her oppe i desse fjellområda. Denne særlege interessa knyter seg kanskje også til at mange av mine slektslinjer bakover har sterke røter over mot Numedal og Hallingdal. Etter kvart blei målet også å vise at lokalbefolkningens erfaring og synspunkter i liten grad blir teke omsyn til når avgjersler blir fatta av høgare myndigheitar. Eit stikkord her er Hardangerviddaplanen. Vi som har vakse opp her veit at samanbindinga mellom Numedal og Tinn har vore overmåte stor i uminnelege tider og er det også i dag. Min tanke er da å samle dette stoffet og vise til kjelder, for å få betre heilskapleg oversikt. Det som og tilskunda arbeidet var, at eg har vore oppteken av heilårssambandet mellom Tinn og Numedal og at vi no i årevis har støytt på hindringar i dette frå mange kantar. Hardangerviddaplanen har kutta over denne navlestrengen mellom Numedal og Tinn ved å hindre vinterbrøyting. Eg oppmodar om å endre på dette.

Da eg kom i gong med dette innsamlingsarbeidet så blei eg meir og meir oppteken av historia rundt dette fjellpartiet og kva det har betydd gjennom tidene. Og ikkje minst for ein hobbylokalhistorikar så fell det meg i tanken; tenk å ha sett alle desse personane som har vandra over denne fjellvidda. Det hadde vore ein fasinerande forsamling av lek og lærd, geistlege, kunstnarar, eventyrlystne, hermenn, fattige og rike, mange i kamp for tilvære, frå steinalderen, vikingtid og mellomalderen fram til i dag. Ja, slik kan ein drøyma!

Folk til Folk. Med det meiner eg den store folkeblandingen, som det nære sambandet mellom våre to dalfører har medført gjennom alle tider. Dette er eit tema som ikkje er omtala i det heile teke, i samband med Hardangerviddaplanen og vinterbrøyting av Imingfjellvegen. Det undrar meg fordi denne vinterstengde vegen betyr at nære familiar, og vener, blir avstengde frå kvarandre i vinterhalvåret. Familie- og vennskapsband er da det viktigaste vi har i livet, derfor finn eg dette merkeleg, og vil belyse dette temaet særskilt i boka. Kvifor har ikkje dette vore tema og vektlagt i Regionalplan for Hardangervidda?

Det er og særs lite miljøvenleg, at skal ein koma frå aust til vest når vegen er stengt må ein om Kongsberg og det er 15 mil lenger kvar veg. Og vegen ligg der mest utan snø no i mars og vi gjeng mot mildare klima, så det blir nok slik i åra som kjem, og rein ser ein nesten ikkje.

Det er sterkt frustrerande for oss å sjå på den stengde bommen, når vegen mest ikkje har snø. Det synes å ha gjenge prestisje i dette med å hindre brøyting av Imingfjellvegen, noko som fyrst og fremst råkar oss som bur her. Vedlagte foto er teke av Olav Eggerud da han gjekk på ski frå Tinn over til Uvdal 25.02.19, det var omtrent ikkje snø i vegen, seier han.


Kven styrer eigentleg? Ein annan ting som slår meg er at historia gjentek seg med omsyn til at det ikkje er dei politiske styresmaktene som eigentleg styrer. Som eksempel har eg i boka trekt fram Lofthusoppgjeret og Hans Nilsen Hauge saka, og dei store sagbrukseigarane i Skien sine privilegiar på at dei og ingen andre fekk drive sagbruksverksemd, jfr. Kongens godkjenning av dette i 1662. Dette viser at det var Embetsveldet, prestane og dei rikes sine privilegiar som stod på spel, og som styrde utviklinga den gongen på 1600-,1700 og 1800 talet. Og det er det same i dag. Det er fylkesmennenes miljøavdeling og NINA med div. Miljøorganisasjonar som eigentleg har styrt denne prosessen med Hardangerviddaplanen. Og deira agenda er i stor grad styrt av eigeninteresse for å behalde og utvida jobbane sine og uinnskrenka interesse for sportsjakt. Dette minner mykje om Frimurerbevegelsane, dei hemmelege bindingane og private relasjonar som eg trur er eit betydeleg større problem og maktfaktor i samfunnet enn vi trur. Dei er på tvers av samfunnslag og parti, og dei er stort sett usynlege, men dei er der og påverkar beslutningar og tilsetningar i stillingar ut over det ganske land. Eg hadde håpa på at eg skulle ha ferdigstilt denne boka slik at den og kunne vera ei kunnskapskjelde i den pågåande revisjonen av Hardangerviddaplanen. Men eit bokprosjekt er meir tidkrevjande enn ein trur, derfor desse føreorda frå boka som kanskje kan opna auga, særleg om emnet Folk til Folk, i spørsmålet om prøveprosjekt med brøyting av Imingfjellvegen. Eg oppmodar særleg dei politiske oppnemnde i Styringsgruppa til å ta dette med i sine vurderingar av brøytespørsmålet.

Austbygde 7. mars 2019

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger.

Artikkeltags