Vinteropen veg over Imingfjell – eit stort pluss for heile kommunen.

Av
DEL

Leserbrev
Fylkestinget i Telemark har sagt nei til vinteropen veg over Imingfjell. Med Per Lykke som fantastisk god pådrivar. Omtanke og ansvar for innbyggarane i eigen kommune synes ikkje å vera i Per Lykke sin interesse, etter debatten i fylkestinget å dømme.
Per Lykke burde ikkje bruke stillinga si som styreleiar i Hardangervidda Nasjonalparksenter når han representera Tinn kommune og Tinn Høgre i fylkeskommunen sin behandling av vinteropen Imingfjellveg.
Tinn Høgre gjekk til val på prøveordning av vinteropen veg i 4 år - så vidt eg veit er Per Lykke framleis medlem av Tinn Høgre og sit i kommunestyret for Tinn Høgre.
Dersom Per Lykke verkeleg meiner at villreinen må få fred, og at han er einig i at det finst langt større truslar mot rein enn vegen over Imingfjell, kvifor vender han seg ikkje mot dei støre truslane i staden for å bry seg med ein fjellovergang som genererer ein brøkdel vinterbeite for rein, men som betyr så mykje for folk som soknar til området, og for samferdslen vestover, sørover og nordover i landet vårt.
Han bør ifølge det han uttaler i RA 14. des., jobbe for å forby nær sagt all ferdsel i fjellet, utbygging av hytter, DNT, hundekøyring, skiturisme, alt som er stressfaktor for rein. For med sin kunnskap om rein i kraft av stillinga si, og med den gode forbindelsen han har med Norsk Villreinsenter, som han står og fortel om i fylkestinget, så får ein verkeleg forståelsen av at han har både makt og myndigheit til det.
Per Lykke skal som kommunestyre-representant ta vare på befolkninga i Tinn Kommune. Med sitt Nei til vinteropen veg i fylkestinget, motarbeider han Tinn Kommune sine innbyggarar. Han motarbeider grunnlaget for befolkningsvekst, han motarbeider næringsdrivane, han motarbeider forbindelsar mellom familiar, han motarbeider miljøet, han motarbeider Tinn som turistkommune. Og det for ein sak som lett kan løysast med å ta omsyn både til rein og folk.
Men når eigeninteressene rår, når rein blir viktigare enn folk, da er det ikkje omsynet til vekst og trivsel i Tinn kommune som er målet for Per Lykke og Tinn Høgre, etter min meining.
Ungdommane våre vil / kan ikkje busetje seg i ein kommune der dei blir motarbeid av våre folkevalde.
Kva med oss som allereie bur og driv næring i Tinn Kommune? Kor lenge gidder me oppretthalde arbeidsplassar og drive næringsverksemd når me blir lura og dolka i ryggen av våre folkevalde? Me betaler skatt og er med på å oppretthalde folketalet i Tinn kommune, noko me sårt treng. Kva kan reinen bidra med i så måte?
Eg er ikkje i mot DNT, hundekøyring eller kva det no er som gjer at folk brukar fjellområda våre, og ressursane som fjellet gjev. Det går an slik som det er gjort i hundrevis av år, å leva side om side, ta omsyn både til rein og folk.
Eg er imot når politikarar av eigeninteresse og i kraft av stillinga si brukar den makta dei har til å ramme kvardagen vår, i dette tilfellet ved å jobbe for nei til vinteropen veg. Nei, vi har aldri hatt vinteropen veg, Per Lykke, men det har vore ferdsel over fjellet til alle tider.
Per Lykke ser vel at utviklinga går framover, det fanst ikkje bilveg til Kongsberg heller, ikkje Tinnsjøveg, ikkje solspegel, ikkje nye fine skular! Og korleis skulle tinndølane koma seg til Hardangervidda Nasjonalparksenter dersom det ikkje var bygd veg dit?
Med vinteropen veg så vil sannsynlegvis besøkstalet på senteret auke. Det er vel bra med alt dette nye, sjølv om me ikkje har hatt det før, eller meiner Per Lykke noka anna?
Vegen over Imingfjell er ein viktig innfartsåre til kommunen og fylket frå nord og vest, heilårsveg er eit svært viktig bidrag for å kunne drive næringsverksemd heile året, for turisme, for busetnad og trivsel for alle i kommunen vår.
Om høgremannen Per Lykke seier at han ikkje likar at handlingane hans blir oppfatta som at han er imot bygda, så betyr ikkje det so mykje. Handling seier meir enn ord.
Vinteropen veg har dessutan ikkje berre med Tessungdølar å gjera. Per Lykke brukar stadig Tessungdølar i sine innlegg om vegen, som om me er dei einaste som har nytte av heilårsveg. Det har stor betydning for heile kommunen, at folk vil slå seg til her og drive næring, og bidra til vekst og oppgang i kommunen. Vidare utvidar det marknaden for dei som driv eigen bedrift – store og mange små bedrifter som får stor omveg vinterstid med å køyre om Kongsberg og vidare vestover og nordover den vegen. Kan ikkje vera mykje miljøvenleg heller, den omvegen.
Det handlar om å knyte kommunar og fylker saman for å få til samarbeid og samferdsel. Da bør ikkje lokale politikarar legge kjeppar i hjula, slik som det er gjort i dette tilfellet. Me er ein kommune, ikkje Rjukan og bygda. Vegen over Imingfjell er ikkje ein lokal «bygdeveg» mellom Tessungdalen og Uvdal, men ei viktig ferdselsåre inn mot kommunen og fylket og ut av kommunen og vidare vestover og nordover. Difor blir det feil å berre fokusere på Tessungdølar og Uvdølar når ein som politikar skal diskutera og ta avgjerder om vinteropen veg. Det gjev feil signal, det ser ein av kommentarar og innlegg frå politikarar frå andre distrikt.
Me må jobbe saman til beste for alle.

Med venleg helsing
Sigrid Lurås Nørstebø

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger.

Artikkeltags