Reiseliv - hovedsatsingsområde i kommuneplanen

Av
DEL

LeserbrevTinn har ei stor utfordring med å tiltrekkje seg og behalde unge vaksne i aldersgruppa 20-44 år. For å oppretthalde innbyggartalet er Tinn kommune avhengig av vekst i denne aldersgruppa. Vi må ha attraktive arbeidsplassar for desse om vi skal få dei som innbyggarar.

I kommuneplanen er reiseliv valt som hovedsatsingsområde for næringsutvikling i Tinn m.a med bakgrunn i følgjande:

Tinn med naturen, historia, kultur- og industriarva og attraksjonane har store mogleghetar for å bli eit føretrekt reisemål. Men konkurransen om turistane er stor.

Reiselivet er ei næring i vekst som skapar arbeidsplassar i ei tid der mange andre næringar nedbemannar. Internasjonalt er det spådd at reiselivet kan vekse med 50 prosent innan 2030.

Kommunen sine skatteinntekter kjem frå tilsette, medan overskotsskattane frå bedriftene går til staten. Bransjar som er arbeidskraftsintensive – t.d reiseliv - er dermed gunstige for kommuneøkonomien. Reiselivsnæringen gjev dessutan store ringverknadar for andre bransjar.

Reiselivet vil bidra til å oppretthalde servicetilbod for innbyggarane og skape bulyst om ein maktar å utvikle denne næringa på rett måte.

Eit sentralt mål er difor å skape attraktive, heilårs arbeidsplassar i reiselivet som medfører at unge vil busetje seg og bli verande i Tinn.

Det skal vere enkelt å være turist i Tinn. Dessutan må det takast omsyn til tålegrenser på dei enkelte stadane og for destinasjonen totalt sett slik at turistane får ei positiv oppleving av å besøke kommunen.

Framlegg til ny reiselivsstrategi for Tinn ligg no ute til høyring med frist 31. august.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger.

Artikkeltags