Kutt ut skredfarleg bratt terreng

Av
DEL

LeserbrevLege Mats Gilbert veit kva han snakkar om fordi han har mange av dei vanskelege og farlege redningsaksjonane etter snøskredulukker inn på livet, og alle dødsfall og familiesorger som følgje av det. Han seier kort og godt: Gløym sjølvrealiseringsbehovet og ego-trippen! Legg skituren til fjells i flatare og ufarleg terreng. Du er inga pyse om du gjer det. Legg heller prestisje, om du har det, i å gå langt, og få med deg turgleda og naturopplevinga på turen.

Derimot er du uansvarleg, dumdristig og utan konsekvenstenkning når du legg spenning, eventyrlyst og prestisje i det å utfordre naturkreftene som du ikkje heilt ut kjenner omfanget av.

Dei som legg turen i bratt toppturterreng i iveren etter spenning og meistring av naturen utan kunnskap og eigne føresetnader, og som følgje av trendar, utan å tenke over at det alltid er eit ukjent farepotensiale for snøskred, burde tenke nøye over kva dei utset seg for, og for den belastning dei påfører frivillig redningsmannskap, og den sorg dei utset familie og venner for. Og kva dette kostar samfunnet av dyrebare ressursar som kunne vore bruka til andre viktige føremål.

Tenk slik: Gjer eg dette vågestykket, og ulukka uventa er ute, kan eg ikkje rekna med å bli redda.

Dette gjer eg på eige ansvar og må ta følgjene av det, utan å setje andres innsats og liv i fare.

Stol heller ikkje på varsla grad av skredfare, eigen sjekk av lagdeling og snøprofil (store lokale forskjellar), og alt det sikringsutstyret du eventuelt har med deg. Alt dette gjev kanskje ein falsk tryggleik.

Jon Ingebretsen

naturrettleiar – Norsk Naturskule

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger.

Artikkeltags