Bluesmuseet på Notodden er ikkje verdensarv. Og her må Runar Lia vurdere sin habilitet.

Av
DEL

LeserbrevBluesmuseet på Notodden er ikkje verdensarv. Og her må Runar Lia vurdere sin habilitet.

Ser av RA at Bluesmuseet på Notodden ber NIA overta, for Bluesmuseet har økonomiske problemer. Og dir. Runar Lia er open for dette. Men Runar Lia er samstundes styremedlem i Notodden Blues. Verdensarvkoordinator Alexander Ytterborg påpeikar at blues er ikkje verdensarv. Det er klart at om NIA tek denne ballen så blir det ikkje fleire pengar i potten, men det betyr at dei pengane ein har, skal fordelast på fleire.

Eg køyrde forbi Tinn museum her om dagen og da var ikkje graset slege der ein gong. NB! I dag 9.juni var det slege. Tinn museum er vel kanskje ikkje på moten nok for NIA, men hugs på: «Du må kjenne historia for å orientere deg inn i framtida». Og Verdensarven er vel og bra den, Tungtvatnkjellaren til eksempel er ei svært god sak. Men Verdensarven starta ikkje med Norsk Hydro, vi har ei lang, lang historie føre det. Det er Rjukanfossen og Møsvatn som er grunnlaget for Rjukananlegga, og Møsvatn har vore der i tusenvis av år, ikkje gløym det! Og i Tinn museum er det ein stor kulturarv å forvalte, ikkje gløym det!

Eg er redd for at NIA blir freista til å famne om det eine og det andre, for berre å bli større og større og Statens pengebidrag aukar ikkje av den grunn. Det kan da gå ut over oppgåver NIA allereie har ansvaret for.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger.

Artikkeltags