Har ikkje Per Lykke rett?

Av
DEL

LeserbrevDen 25. juni hadde Per Lykke eit innlegg i RA under overskrifta «Eldreomsog og Rjukan sykehus». Problemstillinga er utbygging av eldre-senteret på Rjukan kontra bruk av Rjukan sjukehus og utbygging i Tinn Austbygd og utviding i Tinn Austbygd.
Alternativet utbygging av Eldreshus på Rjukan er vedteke av kommunestyret, men dette kan koma til å koste hundrevis av millionar, seier Lykke. Dette kan bli svært tungt for Tinn kommune, som no byggjer ein skule stipulert til 60 millionar (det vil nok koste meir), og som har ein minkande og aldrande folkesetnad.

Sjukehuset kan ein no få kjøpt billig. Men det usikre ved å satse på dette, er korleis ein kan få bruka det so ein ikkje sit att med store utgifter til vedlikehald. Men slik eg opplever å sjå det i dag, er det i god stand, og det er i bruk for oppgåver internt og utanfrå.
Eg har jo nett vore vitne til rivinga i Atrå – av eit samfunnshus som eg var til stades under innviinga av i 1960, og skulen vart bygd seinare. Alt var «ubrukeleg», køyrt bort som skrot i billass på billass. Skal Rjukan sjukehus òg, med sitt store bygnings-kompleks òg vera ubrukeleg? Dette synest eg er meinings-laust!

Dette skuleåret skal undervisninga i ungdomskulen vera i gamle Marum-Ullern, bygd i 1926, der eg heldt til i 32 år. Når eit mykje yngre skulebygg er ubrukeleg, blir vel dette eit dårleg lærings-år for elevane, slik ein ser på skule i dag.

I svar til Lykke 6. juli seier Steinar Miland at det Lykke seier om kostnader, er «fri fantasi». Men prosjektet er jo ikkje utreidd: «Faktum er at det ikke foreligger noe realistisk kostnadsoverslag,» seier Miland, og han har innvendingar mot utbygging av Helsetunet i Austbygde, som Lykke slær til lyd for.

«Jeg tror på Rjukan sykehus», seier Lykke i svar 9. juli, og han nemner tidlegare kommunelege Einar Opedal, som, i eit lesarinnlegg, har teke til orde for å kjøpe sjukehuset.
Utbygginga av eldreomsorga i kommunen må vera ei vanskeleg sak for veljarane. Sjølv om prosjektet er vedteke i kommunestyret, er det so lite utreidd at det ikkje kan vera bindande.
Det bør vurderast nærmare.
Hallvard Hegna

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger.

Artikkeltags