Forvaltning av kraftverdiane i Telemark

Av
DEL

LeserbrevFrå uventa hald er det gjort framlegg om å avvikle denlangvarige og viktige avtala om disponering av konsesesjonskraft, kraft som kjem frå vasskraftubygginga i 8kommunar i Øvre Telemark. Dette er eit dristig og uheldig utspel som set kraftverdiar i fare, svekkar forvaltning og kompetanse, hindrar regional utvikling, skapar tillitskrise og grunnlag for rettstvistar mm.


Inntektene til TUF aukar
Grunngjevinga for utspelet - at Telemark Utviklingsfond (TUF) vil misse store delar inntektene - held ikkje mål.Inntektene til TUF auka frå ca 20 mill. kr i 2017 til 37 mill. kr. i 2018. Det er venta yttarlegare auke i TUF sine inntekter til 45 mill. kr. i 2019 og utsiktene for kraftprisane tilseier at dette inntektsnivået vil vare ved.

Det er argumentert med at den nye reguleringskonsesjonen for Møsvatn gjev mindre konsesjonskraft til fylkeskommunen (TUF). Reduksjon er minimal. Av samlakonsesjonskraftmengde i dei 8 kommunane på 740 GWh, vil reduksjonen samla for avtalekommunane vere ca. 9 Gwh eller 1 %. Reduksjonen for TUF vil berre utgjere ca. 3 Gwh, resten av reduksjonen må Tinn kommune ta.

Kraftrettane er knytt til ressurskommunane/utbyggjingsdistriktet

Konsesjonslovene vart utvikla med utgangspunkt i den norske vasskrafta, men prinsippa i dette lovverket er relevant for alle Noregs naturressursar. Desse prinsippa har òg vore førande for forvaltning av oljerikdommen på norsk sokkel. Konsesjonslovene har vore avgjerande for Noregs utvikling til eit av verdas beste land å bu i.

Dei politiske ideane som låg bak uforminga av konsesjonslovene var at utnytting av naturressurar gjev ei ufortent verdiauke utover det normale, ei verdiauke som skuldast andre enn eigaren sjølv. Denne verdiauken - kalla grunnrenta - bør kome samfunnet til nytte. Av den grunn bør naturressursane vere samfunnet sin eigedom. Staten tek inn størsteparten av grunnrenta gjennom grunnrenteskatten.

Undervegs i konsesjonslovsprosessen vart det óg klårt at kommunane – som representantar for folket i utbyggingsdistrikta/ ressurskommunane – har rettighetar. Dette med bakgrunn i to hovudprinsipp: Kommunane skal ha varig kompensasjon for dei naturøydeleggingar som kraftutbygginga medfører og kraftkommunane har krav på ein andel av verdiane som vert skapt ved utnytting av vassdraga. Altså ein del av grunnrenta.

Dei lokale kraftinntektene sin legitimitet ligg altså i at dei er tilordna utbyggingskommunane/ utbyggingsdistriktet.

Når Telemark fylkeskommune som avtalepart for eit utbyggjingsdistrikt for vasskraft forsvinn og skal erstattast med ein region som tek inn i seg eit geografisk område – Vestfold – som ikkje har kraftutbyggjing i det heile og dermed ikkje er eit utbyggjingsdistrikt, risikerer ein at samarbeidet mellom utbyggingskommunane og fylkeskommunen blir svekka eller smuldrar opp. Dette kan føre til at konsesjonskrafta og andre kraftverdiar misser legitimitet som konsesjonsbaserte ordningar tilordna utbyggjingskommunane/utbyggjingsdistrikta og dermed bli sett på som ein del av dei generelle kommuneinntektene. Dette vil gjere det lett å fjerne slike ordningar og dermed fråta noverande Telemark store inntekter.

Forventningar til ny fylkeskommune
Vi legg til grunn at den nye fylkeskommunen har ambisjoner for alle delar i det nye fylket og at regionen skal utvikle sine fortrinn
Dette gjeld òg øvre Telemark. Mogleghetane for utvikling må styrkast, ikkje svekkast.

Vasskraft og klimautfordringar
Vasskrafta er ei fornybar, evigvarande og rein energikjelde. Produksjonen i eksisterande vasskraftanlegg kan aukast ved modernisering og utvidingar, kanskje opp mot 30 Twh på landsbasis. Ved å utnytte eksisterande reguleringar kan dette gjerast med små miljøinngrep og såleis avverge øydeleggande naturinngrep t.d ved vindkraftutbygging. Samstundes kan vasskrafta spele ei endå viktigare klimarolle i framtida. Dette bør utbyggingskommunane og den nye fylkeskommunen samarbeide om i lys av regional utvikling.

Samarbeid
Kraftverdiane må forvaltast, utviklast, ivaretakast og forsvarast gjennom samarbeid. Rammevilkåra er kontinuerleg under press frå kraftprodusentar, andre kommunar, departement, politisk, EU, media osb. Kommunane må vere i stand til å kjempe for sine interesser og dette krev kunnskap og engasjement. Det tek tid å bygge opp kunnskap om kommunanes lovbestemte og tildelte rettar. I tillegg må kommunane ha godt oversyn over rammevilkåra.

Kraftavtalene har i nærare 40 år sikra eit godt samarbeid som har gjort Telemark i stand til å maksimere kraftverdiane anten det er i form av miljøverdiar, næringsinteresser eller kommuneøkonomi.

Men samarbeid krev tillit og respekt for inngåtte avtaler. Så får ein ta diskusjonane om vidareføring av kraftavtale og samarbeid når avtala går ut i 2026.


Rune Lødøen

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger.

Artikkeltags