Ein dristig redaktør

Av
DEL

Leserbrev Den 20. august skreiv redaktøren på leiar-plass om ‘den fyrste skuledagen’, under overskrifta «en viktig dag». Og han utrykte glede over at me no har ein so god skule.
«Sammenlignet med den skolen mine jevnaldrende opplevde på 70-tallet er dagens skole uendelig mye bedre,» seier han. «Før var skolen lærernes verden, og foreldrene hadde minimalt innsyn. Det som skjedde i klasserommet, ble i klasserommet. Mobbing var det overalt, og stakkars den som ble pekt ut til å være offer, den risikerte å bli det hele skoletida ut. Det som er forskjellen på den gamle skolen og den nye skolen, er viktigheten av kunnskap og utdanning.»
Dette er sterke ord – eller rettare: grovt sagt! Redaktøren snakkar om «lærernes verden». Var dei ikkje opptekne av «kunnskap og utdanning» den gongen? – Var det so dårleg, det som gjekk føre seg i klasseromma i gamledagar (eg tenkjer til dømes på skulesongen)? – Mobbing fanst nok, men avisene då var ikkje fulle av klager på dette, slik det har vore det siste tiåret? – No mobbar ein også på Nettet og på mobiltelefonen.

Negativ innstilling til lærarane er ikkje noko nytt. Då Arbeiderpartiet dreiv og omdanna skulesystemet i 1960-åra, sa skulestatsråden at «vi har verdens beste skole på tross av lærerne». Det hang vel att nokre antipatiar mot lærarar som hadde vore dominerande’ personar sume stader.

Historisk sett har lærarstanden godt skudsmål. Under krigen stod dei opp mot nazififering , så Quisling sa lærarane hadde øydelagt alt for han. Dei hadde hindra han i prosjektet hans.
Finland er kjend for den gode skulen sin. Der har ikkje dei styrande hatt mistillit til lærarane, tvert imot! I Finland har ein late lærarane styra med skulen, og læraryrket har høgstatus. Hjå oss er det omvendt. Ein har vanskar med rekrutteringa.

Jonas Gahr Støre har i valkampen kome med framlegg for å betra denne. Ein ottast mangel på fleire tusen lærarar om få år.

Eg er ein av barneskulelærarane her i Tinn i den tida redaktøren i Rjukan Arbeiderblad meiner det var så dårleg skule. Eg kom hit i 1960, 32 år gamal, og stod til eg var 64. Og eg tenkjer på alle dei gamle kollegane som no er borte, og dei attlevande eg kjenner enno. Heldt det ikkje mål, det som gjekk føre seg i klasseromma deira? – Dette får elevane frå den tida døma om; dei fleste av desse er truleg å finna i kommunen. Men mange har reist ut og gjort det godt.

Det må vera skulen på eigen heimstad redaktøren samanliknar med – Sauherad. Men eg trur ikkje skulen var klein der heller. Når han skriv som han gjer, må eg seia han er ein dristig redaktør.

Hallvard Hegna

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger.

Artikkeltags