Godt nyttår, alle telemarkingar!

Av
DEL

Leserbrev2018 er historie. Om berre eit år er også Telemark fylkeskommune historie. Kva passar ikkje betre enn å gå inn i historiebøkene som ein 100-åring? For, i år er det 100 år sidan Bratsberg Amt skiftet namn til det vi i dag kjennar som Telemark fylkeskommune.

Og, dette er ein sprek hundreåring!

2018 var eit godt år for fylket vårt, og kjem til å gå inn i historiebøkene som eit kompetanseår. Vi opna ein fantastisk ny vidaregåande skule i Skien, fleire gjennomfører vidaregåande, vi sender rekordmange lærlingar ut i arbeid og Telemark vart universitetsfylke. I tillegg hadde vi ifølgje Statens vegvesen «all time high» med asfaltering på fylkesvegane i sommar. Toget går nå på den nye Eidangerparsellen, og til og med Lilleelvprosjektet fekk vi opna på tampen av 2018. Aktiviteten i Telemark har vore skyhøg, mykje går bra.

Men, vår største utfordring er vekst. Sjølv med eit mangfaldig næringsliv og ein særs kompetent arbeidsstokk i Telemark, har vi lågare befolkningsvekst enn samanliknbare fylker. Vi må rett og slett våge å vere meir ambisiøse, vere meir frampå og våge å satse litt meir enn vi hadde tenkt. Skal vi vokse kan vi ikkje slå oss til ro med gårsdagens resultat. Telemark treng å vere meir offensive, våge å tenkje større og ha mye meir sjølvtillit!

Næringslivet i Telemark levere i verdsklasse, men vi har alle moglegheit til å utfordre kvarandre og backe opp kvarandre.

La 2019 bli eit år der vi våger å tenkje større, våger å tilsetje eit menneske meir enn planlagd, og tør å heie på kvarandre.

Ambisjonen for den nye fylkeskommunen Vestfold og Telemark må vere nettopp dette: gi meir fart, gi meir støtte og tyngde, slik at næringsliv og det offentlige kan gire om frå fjerde til sjette gir. For vi går jo frå éin til to – og doblar innsatsen! Vi får til mykje meir om vi står saman, enn når vi står kvar for oss.

For 2019 er min ambisjon at fylkeskommunen skal vere meir på banen. Her nyttar det ikkje å sitje på innbytarbenken. I løpet av det neste året skal vi både skape det nye Vestfold og Telemark, og drifte ein 100-åring på ein solid måte. Vi skal lene oss på historia når vi skal byggje eit nytt fylke - eit nytt fylke bygd på rike tradisjonar og med verdsambisjonar.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger.

Artikkeltags