Tinn Helsetun – Posisjonen talar med to tunger. Eller?

Av
DEL

LeserbrevEg viser til mine to innlegg i RA den 9. juni 2020.
På RA nett 12. juni skriv Vidar Stang AP, leiar i omsorgsutvalet og Per Lykke H, nestleiar i omsorgsutvalet m.a. sitat:» Tinn Helsetun. Posisjonen har aldri gått inn for at sykehjemmet skal avvikles eller nedbygges.»

Då må eg spørja: Har ikkje Stang og Lykke lese posisjonens verbale føringar i budsjettvedtaket i desember 2019 der det står fylgjande, sitat:» For å få mest mulig ut av bemanningen innenfor helsetjenesten, bør det utredes om Tinn helsetun kan utvikles til et bo – og livsstilsenter/omsorgsboliger/ omsorgsleiligheter og at pasienter med større pleiebehov får plass på Rjukan» Og er ikkje den siste delen av setninga ei nedbygging?

Dette er altså posisjonens offisielle vedtak som vi må forhalde oss til. Men dette er heilt i motsetnad til den einstemmige , vedtekne helse- og sosialplanen. Har posisjonen endra standpunkt må vi få det offisielt bekrefta.

Det er tydeleg då at helseadminstrasjonen oppfatta budsjettmerknadenes siste del som eit politisk signal, og ved svarbrev i april 2020 til Eldrerådet har dei sagt at det arbeidet er i gang. Det er vi sterkt imot.

I mitt siste RA innlegg 9.juni skreiv eg slik til Tinns innbyggjarar:
«De inviterast til eit ope møte på Dølehalle i Austbygde den ? juni 2020. Dag og tidspunktet må eg koma tilbake med.» Og vidare:
«Eg ser at Kommunestyret har møte 10.- og 11. juni der økonomiplan, budsjettrullering og budsjett er på kartet. Eg ber kommunestyret der ta stilling til det framsette kravet. Blir det i samsvar med vårt krav, kan evnt. møtet vårt på Dølehalle skrinleggjast.

Eg veit ikkje per d.d. om den saka blei drøfta i kommunestyremøtet. Eit av dei krava var at planlegginga av nedbygging av Tinn helsetun blir stansa.
Det stend eg på, blir ikkje det stansa så vil eg mobilisere ei aksjonsgruppe mot denne nedbygginga, det er så mange folk som er rasande på dette nedbyggingstrugsmålet.

Eg stend forøvrig heilt på helse- og sosialplanen si løysning med ein lokasjon på Rjukan, lagt til Eldres hus. Men det vil altså ikkje posisjonen, og dei har makta. 2 lokasjonar på Rjukan rammar heile kommunen økonomisk, Tinn har ikkje råd til det, men den fighten håpar eg, i tilfelle, nokon andre tek. Men den kan gjerne vera ein del av aksjonsgruppas arbeid om
nokon tek på seg å fronte saka.

Austbygde 12. juni 2020

Halvor Lurås.

Artikkeltags