Ope brev til Tinn kommune om fastlegestillingar på Tinn Helsetun.

Av
DEL

LeserbrevDet nærmar seg at fastlegen på Tinn Helsetun skal slutte i stillinga si. Det me har høyrt frå kommunen er at det ikkje er søkarar til stillingen. Da er det naturleg at det rår stor usikkerhet og mange spørsmål hjå oss som har dr. Halvorsen som fastlege. Mange teoriar som vert diskutera folk imellom. Difor vil eg gjerne vite kva planer kommunen har for å dekke fastlegestillinga på Tinn Helsetun i Austbygde. I staden for å synse og tru, synest eg det er betre å få klare svar, og håpar at nokon frå kommunen kan gje oss det.
Etter det eg kan sjå så har Tinn kommune gjort ein framifrå jobb med samlokalisering av helsetilbod på Tinn Helsetun. Med omsorgsboligar, sjukeheimsplassar, demensavdelig (Hannestua), kjøken, kantine/kafe, fysioterapeuter, kiropraktor, ergoterapeut, heimesjukepleie, heimehjelp, dagavdeleing, ein fin sansehage, laboratorium og fastlegetilbud tre dagar i veka for almenheten. Eit tilbud me hverken kan eller vil vera forutan. Etter nedlegginga av Rjukan sjukehus har me her i kommunen fått kjenne på kva det betyr å ikkje ha gode nok helsetenester. Det er like viktig å ha gode helsetenestar lokalt i eigen kommune. Me ynksjer at kommunen opprettheld fastlegetilbodet på Tinn Helsetun i Austbygde slik som det er i dag med fastlege tre dagar i veka.
Eg vil gjerne ha svar frå dei ansvarlege i Tinn Kommune på kva tiltak som blir arbeida med i forhold til dette.


Mvh.
Sigrid Lurås Nørstebø

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger.

Artikkeltags