Er vi ein turistkommune, og er ikkje alle turistars reisemål like viktige?

Av
DEL

LeserbrevI går onsdag 20. juni var vi på Rjukan for å gjera nødvendige ærend. Då vi kom på biblioteket kl 1030 blei dagens gjeremål snudd opp ned, men det var berre hyggeleg. Der blei vi av dei alltid hjelpsame bibliotekansatte presentert for 3 amerikanarar som viste seg å vera «second cousin « til kona mi og det er svært nær i denne samanhangen. Det var etterkomarar til Christen Hansen Vålund som utvandra sammen med gofa sin,Tore Røysland, 16 år gamal i 1861.

Dei hadde med seg tre norske slektningar frå Vestlandet som hjelpte dei.

Dei hadde vore på Industriarbeidarmuseet tysdag og fått bl. innføring i Tungtvatnaksjonen, så den trengte vi ikkje å ta. Dei overnatta 2 netter på Admini.

Fyrste stopp var da Vålunstogo på Tinn Museum, vi tok bilder av dei utanfor stoga, men døra var låst og ingen til å låse opp. Eg trefte ein kar ute der med støvsugar og vaskeutstyr som venta på skyss til Industriarbeidarmuseet, han kunne ikkje låse opp. Da skyssen hans kom, spurte eg henne om ho kunne låse opp, el. om dei kunne låse opp i dag 21. juni før amerikanarane skulle dra vestover kl 11.00. Ho lova å ta dette opp. Eg tok og opp at plakata på utsida av Vålundstoga var nesten heilt uleseleg. Den sto på norsk, engelsk og tysk, det kunne ei sjå, men kva det stod måtte vi gjette. Eg fekk tilbakemelding på tlf. seinare på dagen, men dei kunne ikke greie å låse opp. Grunnen var at dei skulle opne togkøyringen til Mæl på måndag, derfor var det travelt. Eg må presisere at desse 3 personane eg kom i kontakt med var meget korrekte og hyggelege, og eg takka berre for det og diskuterte ikkje med dei.

Tinn har ein av dei største utvandringane til Amerika i forhald til folketalet og det kjem stadig etterkomarar som vil sjå plassen og husa der deira forfedre vart fødde og vaks opp. Og kyrkja der dei var døypte og konfirmerte.

Da er Tinn Museum viktig. For vår familie har Vålundstoga vore svært viktig fordi det var så mange frå Vålund nordre som emigrerte, og dei har mange etterkomarar. Dette er da eit leiaransvar og sørgje for ordningar slik at nokon ansatte eller friviljuge kan låse opp, det må vera det minste å krevja. Ein slik ordning kunne vera, at eg i dette tilfelle, hadde fått låne nykkelen til Vålundstoga, for eksempel på Turistkontoret, slik at dei hadde kome inn.

Turen gjekk vidare til Atrå kyrkje der det som vanleg var hjelpsemd til sjå inni kyrkja. Derifrå til Røysland gard, vellvilligheit der og frå nye eigarar.

Etter kaffe og mimring i slektshistorie hjå oss, og bakervarer frå bakeriet i Austbygde som er god å ty til, gjekk turen til Vålund. Der er det nye eigarar i dag, men dei stilte svært vellvillig opp. Dei fekk m.a. sjå gamle dåpsluver som truleg Christen vart boren til dåpen i, stor stas.

Turen gjekk derfrå til Lurheim og minnesmerke over Snowshoe Thompson og fødeplassen hans, Jordeskos. Amerikanarane var også i slekt med han og svært opptekne av han, og vi ordna så dei fekk kjøpt dei to norske bøkene om Snowshoe Thompson. Luråsstøtta var sjølvsagt med i omvisinga.

Ein minnerik dag for oss, og sikkert også for amerikanarane. Vi skildes kl 1830 og ærenda på Rjukan kan vi ta ein annan dag. Men Vålundstoga skulle vi vore inn i!

Industriarbeidarmuseet må vise meir interesse for Tinn Museum og lage ordningar som blir gjort kjent, det bør ikkje vera vanskeleg å gjera dette i samråd med fleire personar i lokalmiljøet.

Eg er overtydd om at det er mange som opplever liknande episodar ved besøk på Tinn museum.

Det er faktisk viktig at alle i Tinnsamfunnet tek på alvor at vi har ei rekkje slektningar borte i Amerika som vil fortsetja å koma for å finne sine røter her, dei må vi ta i mot med venlegheit og hjelpsemd. Dei er svært gjestfrie når vi kjem over dit, det har vi to gonger fått erfare. Og det er ikkje alltid slik at vi veit at dei kjem, ting må kunne takast på sparket, flexibilitet må vera eit mål.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger.

Artikkeltags