VASSMENGDEREGULANTANE I VINJE. ANSVAR OG OPPFØLGJING.

Av
DEL

LeserbrevDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.Dei store Telemarksvassdraga har sine kjelder i Vinje kommune. Både austare -og vestare grein er sterkt regulerte. Magsinering og bruk av vassmengdene er undergjeve strenge bestemmelsar gjevne i konsesjonar og manøvreringsreglement.
Det er fleire store selskap som styrer vassbruken i vassdraga her oppe i Vest Telemark. For Vinje sin del er det i hovudsak to store aktørar: Statkraft for den vestare greini (Songa m.fl.),og Øst Telemarkens Brukseierforening-ØTB -for den austare greini (Møsvatn m.fl.)
Konsesjonane gjev pålegg om vasstandsmerke og målepunkt på ulike stader. ØTB har daglege oppdateringar av vassmengda på sine heimesider.Veldig bra! Statkraft synest å halde fyllingsgrad m.m. i vatna hemmeleg!!
Olsokdagen.var Møsvatn fullt. 918,00 m.o.h.Det er uvanleg tideleg. Då har ØTB ein halvmeter til bruk som flaumdemping. Om Møsvatn vert fyllt til 918,5 så skal magasinet tappast nedatt så snart som råd til kote 918. Regulanten kan altså ikkje utan særskild løyve frå NVE halde magasinet fyllt over 918 i lang tid om det ikkje er stor flaumfare.Men mykje vatn høgt til fjells er mange titals millionar verd. Difor er det nok freistande å halde vasshøgda
høgast mogleg utover hausten. Men den halve meteren på toppen i Møsvatn skal handterast slik:Stig vatnet over 918 skal det"tappes med maksimal slukeevne i kraftverkene"o,g vidare seier reglementet :"Etter at flommen har kulminert,skal vannstanden på samme måte så raskt som mulig senkes til kote 918." Dette er vilkår kommunen kjempa hardt for å få gjennomført. Men blir det etterlevd.? Og kven kontrollerer tappinga og kraftverkskøyringa? I føgje ØTB sine tal har Møsvatn aldri vore så fullt 1.nov. i peroden 1945 -2000.
Men for nokre år sidan vart Møsvatn overfyllt til kote 919 med NVE si godkjenning.Dette medførde mange skadar for fleire grunneigarar, Då vart det ein langvarig og til dels nyttelaus kamp om skadeserstatningar grunna overfylling av magasinet. Ingen ville taka ansvaret, sjølv om "flaumen" var planlagd og godkjend!!
NVE,Vinje kommune og grunneigarane på Møsstrond bør no fylgje med på korleis ØTB etterlever dei pålagde tiltaka no framover når vatnet no var fullt (kote 918) den 29.07. Og i dag, 04.08, er vasshøgda 918,59. Altså over HRV.Om resten av snomagasinet smeltar,og rikeleg nedbør framover,verkar saman -ja då vil nokon i vassdraget oppleva flaumskader. Ansvaret for skadeserstatning må no vera avklara før ein overfyller magasinet på nytt.. Hittil har ØTB og Nicolai Østhus vore rimeleg rolege ser ein i avisene. Men dette er å balansere på ein knivsegg. ØTB set sin lit til statistikk, prognoser og utbytte..Men det er nok Vårherre og korleis han skipar veret framover som som overstyrer både prognoser og ynskje om mest mogleg økonomisk vinning til regulantane.
Me får håpe at regulantane og Vårherre spelar på lag framover. Men no skal vassmengda i Møsvatn NED!!

Olav Nystog

Artikkeltags