Æres den som æres bør

Av
DEL

LeserbrevKva er det som gjer det så vanskeleg for enkelte i sjefsposisjonar å gje Bjørn Iversen den heile og fulle æra for at tungtvasskjellaren på Vemork blei «oppdaga» og utgraven, og inkludere han i denne prosessen? Kan det vera misunning fordi han har tatt initiativ til mange viktige tiltak, spesielt innan kultur, som har lukkasdt på Rjukan, og fått sin velfortente takk, ros og påskjøning for det.

Kongen og Dronninga såg betre enn Runar Lia og co at Bjørn var ein eldsjel å setje pris på da han blei invitert til Slottet i 2015 saman med folk frå heile landet, deriblant to andre telemarkingar, mellom anna underteikna, som ikkje såg noko til Bjørn mellom alle folka som var der.

Hadde forholdet til Bjørn ordna seg betre om Lia og co også hadde fått æra og gleda å bli invitert til Slottet, og på den måten blitt inkludert i «eldsjelfamilien»?


Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger.

Artikkeltags