Angående rullering av Hardangervidda plan

(arkivbilde) fylkesvei 755 (på Telemarksida) og fv 124 fra fylkesgrensa Buskerud

(arkivbilde) fylkesvei 755 (på Telemarksida) og fv 124 fra fylkesgrensa Buskerud

Av
DEL

I ein felles uttalelse til rullering av Hardangevidda plan foreslår fylkesmennene i fylkene Vestland , Vestfold og Telemark , Oslo og Viken at prøveprosjekt med åpen veg over Imingfjell vil skade villrein og er i strid med nasjonale interesser.

Kva er det eigentleg som kan skade rein, og er i strid med nasjonale interesser her? Vegen vil bli stengt når rein observeres i område.

Det er vel i alles interesser og ta vare på reinen og erfaring frå mange år er vel den beste kunnskap skal ein tru. Her er det fleire som har gjett rein, jakta og andre som kjenner godt til fjellet, ikkje minst lokalbefolkningen som har uttalt seg positivt til ein vinteråpen veg.

Me treng hverken til Oslo eller Vestlandet for å be om gode råd ihvertfall ikkje i ein gammal sak som dette er synes eg. Alle barrierer som motstandere av vinter åpen veg har påstått ang. reinens adkomst til Lufsjå tangen er det motsatte av sannhet.

Kor er samvittigheten eller er det uvitenhet?

Vegen over Imingfjell er vel ein bagatell i forhold til kva som skal skje i eit kalveområde for rein I Hordaland, blei forresten Telemark kontakta angående dette tru? Når vegen blir stengt ved reinens nærvær og det blir kontrollert av brøytemannskap, trengs det hverken forvaltning basert på overvåkning med radiomerkede rein eller folk i felt. Kva for oppgåve med overvåkning her som det foreslåes? når alt gjeng greit med brøytefolket. Dette er ville dyr, ikkje heng på meir skrammel enn det er gjort.

Trafikantar må heller ikkje gløymast , det er dem vegen er bygd for, det er umeneskeleg å må kjøyre den lange omvegen på inntil 40 mil tur \retur når det er andre alternativer. Håper at fornuften og renhårigheten i Fylkestinget tar lokalbefolkningen mfl. på alvor og går inn for ein vinteråpen veg.

Tinn Austbygd

Hans E Gunleiksrud.

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger.

Artikkeltags