Rønneberg 80 år i DNT

SMILANDE: Joachim Rønneberg var ved godt humør og smilet sat laust då han fekk besøk for å feire jubileet.FOTO: ALEKSANDER BÅTNES / NRK

SMILANDE: Joachim Rønneberg var ved godt humør og smilet sat laust då han fekk besøk for å feire jubileet.FOTO: ALEKSANDER BÅTNES / NRK

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

– Friluftsliv har betydd mykje for meg. Eg trivst like godt i fjellet no som før, men dessverre har beina begynt å bli litt skrale, seier Joachim Rønneberg til NRK.

Han fekk besøk på aldersheimen av familien og representantar frå Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST). Dei hadde med kake, konfekt og blomster.

For den spreke 98-åringen har no vore medlem av Den Norske Turistforening (DNT) i 80 år.

Erfaringa frå fjell og friluft var viktig for Rønneberg, også under krigen.

– Det betydde kolossalt mykje. Eg kunne gå så trygt i fjellet, fordi eg nesten visste kor kvar einaste stein skulle ligge. Det var til stor hjelp, fortel han.

– Viktig for foreininga

Linda Flem i ÅST trur han har betydd mykje for foreininga. Både som eit kjent namn som har talt varmt om fjellheimen og foreininga, men også som personleg engasjert.

– Han låg jo på Fieldfarhytta under krigen, var sekretær for ÅST og i tillegg blei jo Fjellposten – som vi framleis gir ut – etablert då han var sekretær, fortel Flem.

Rønneberg er blant dei som har aller lengst medlemskap i DNT.

– Det er fire andre som har vore medlem like lenge eller lenger. Men 80 år er jo spesielt, og det ville vi markere.

Rekonstruerte krigshytte

Rønneberg var blant anna med å rekonstruere Fieldfarehytta i Veltdalen i Tafjordfjella, som han sjølv brukte under krigen, for å gi eit bilde av korleis motstandsmennene budde. Den DNT-eigde hytta i Tafjordfjella fekk seinare Claus Helbergs minnepris.

Joachim Rønneberg er den siste gjenlevende tungtvannssabotøren

Bare 23 år gammel ble Joachim Rønneberg plukket ut til å lede kommandosoldatene som skulle stoppe Nazi-Tysklands forsøk på å lage en atombombe. Aksjonen mot tungtvannsfabrikken på Vemork ble gjennomført på en så imponerende måte at den fremdeles er på pensumlisten for dagens spesialsoldater.

Artikkeltags