Dugnad for tinnmålet

Av
DEL

Språkdugnad

Om godt og vel eit år skal sjølvaste landskappleiken arrangerast i Tinn., dvs. på Rjukan. Det blir ein framifrå arena. Me vil stolt få synt fram så vel by- som bygdekulturen. Så vel vår korte som lange hisrtorie. Spel, kveding og dans står sentralt i den siste. Men kva med den språklege kulturarven?
Då må me som har røter i Tinnbygdene prøve å få tinnmålet til å lyde i mange fora. Truleg treng ikkje Øystein Haugen, som blir ein frontfigur på kappleiken å lesa dette, men mange med røter i tinnbygdene treng å pusse støvet av dialekten. Språk er i høg grad kultur, og i motsetning til for nokre tiår sidan, treng me ikkje skjemmast av målet vårt.
Marius Asp i VG sa dette etter å ha høyrt ein songfugl på tinnmål i musikkprogrammet i TV 2,”Hver gang vi møtes”: Med seg har han (Odd Nordsoga) fått Linnea Dale på kav tinndøl, som låter kav nydelig.... ”
”E sku la blikkje møte andre augu på ein fræmin sta..., syng ho m.a. i omsetjing av teksten med tittelen Om du lemnade mig nu.

Språk som identitetsmarkørar.
Såleis bør mange av oss syne for omverda at me er kav tinndølar. Me lyt på mange vis syne det beste av kommunen vår, og det som kjenneteiknar oss. Mange vil kle seg i finstasen desse kappleikdagane, gjerne bunad. Mi von er at mange og vil kle seg i den språklege tinnbunaden. Det er ei drakt som duger så vel til fest som til kvardags.
La oss gå saman om dette innan neste sommar. Greidde me det, ville me kanskje kunne leggje eit grunnlag for at born og unge ønskte å bruke tinnmål vidare framover. Det kjem diverre ikkje av seg sjølv, difor må me lyfte, eller rettare snakke, i lag.

Smitte
No om dagen er me så godt i gong med dugnad, så la oss gjera eit tankeeksperiment. Tinnmålet kan slik sett vera eit virus. Eg veit at det ligg latent i mange av oss. Då kunne me bruke modellen etter koronaviruset, berre på motsett vis.
Denne gongen gjeld det å la viruset sleppe til. Ikkje for å utvikle immunitet, men tvert imot , for å få innpass hjå så mange som råd.
Om kvar tinndøl smittar minst ein annan i starten, då er me allereie i gong! Målsetjinga kunne vera å få smittetalet raskast mogleg over 1. Då kan det utvikle seg i høgt tempo, og kanskje me kan koma eit godt stykkje på veg innan neste sommar? Men eg seier med Bent Høye: Då er det om å gjera å ikke sleppe opp.

Dyster statistikk
Eg er trygg på at det er vilje til å take vare på målet hjå dei fleste tinndølar, utan at det ligg føre empiri for påstanden. Det synlegaste teiknet er at kommunestyret har vedteke å dele ut ein dialektpris til ein aktiv brukar, eller gruppe. Vel og bra er det, men eg er usikker på om det har ført til auka bruk av tinnmålet? Hallvard Hegna gjorde for nokre år sidan ei gransking av kor mange born og unge som bruka dialekten, og det vart eit sørgjeleg resultat. Helst bør det ikkje finnast eit einaste grått hår på dei neste prisvinnarane. Såpass hårut mål bør me ha.

Ungdomen sit med ”nykkjylen”
Mange gode krefter må nok til for å få snudd trenden. Men dersom me vil det sterkt nok, så bør me få det til. Om me vil det sterkt nok, må det koma innanfrå. Dette språksenteret ligg nok vel så mykje i hjartet som i hjernen. Du som er ung, må tenkje etter om det har ein verdi å ha med denne delen av identiteten din gjennom livet. Elles blir det om nokre få år eit museumsspråk. Noko som det finst etterlevningar av, og som blir blåse liv i om lag ein gong i året, slik som på Marispelet. Inntil nokon seier at det må omsetjast, for ein forstår ikkje kva karakterane seier. Eller at ein må hente ein på 109 år frå Helsetunet til å vera tolk.
Ønskjet mitt med dette innlegget, er at ungdom tenner på ideen. De kjenner og best til korleis ein kan bruke nye sosiale medier i arbeidet. Vidare kan kan de få hjelp ved å koma med innspel og idear til dei som er nemnde i lista under. Alle dei har språk som ei av fanesakene. Ikkje berre har dei eit ansvar, men eg vågar og å tru at dei har vilje og ønskje om å følgje opp.

Eg sparkar hermed ut ein ball, og vonar at så mange som råd i feltet kastar seg etter han. Nokre av dei er desse:
-Tinn dialekt- og mållag
-Tinn kulturkontor v/ kulturskulen
-Rjukan radio
-Barnehagane og skulane i bygda
- Rjukan Arbeiderblad. Avisa skal ikkje skrive på tinnmål. Ho kan likevel
bruke meir nynorsk, som ligg nærare dialekten.
-Alle oss som brukar tinnmål dagleg.

I tillegg kan alle som vil gå inn på tinnmaalet.no såvel lesa som høyre
”Målet kans”.


Ole Grov


Artikkeltags