Folk døyr av koronavirus i Noreg kvar einaste dag. Er det egoisme å jobbe for å unngå at det skjer i Vinje?

Av
DEL

MeningerDette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.I dag har det kome svært mange reaksjonar på Vinje kommune sin avgjer om hytteforbod fram til 27. april. Hyttefolk er veldig sinte, og vi blir kalla egoistiske. Alt kriseleiinga i Vinje kommune har gjort er for å beskytte liv og helse til innbyggarane i Vinje kommune. Er det egoisme å prioritere det framfor hyttevelferd? Folk døyr av koronavirus i Noreg kvar einaste dag. Er det egoisme å jobbe for å unngå at det skjer i Vinje kommune? Dersom det er egoisme, er det då ikkje egoisme å stenge landegrensene? Det er jo for å beskytte norske liv. Omsynet er det same. Gleda over å reise er ikkje viktigare enn liv og helse.

Når så mange hyttefolke er sinte og har kontakta kommunen og underteikna i dag fordi dei ikkje får reise på hytta helga 24-26. april, er det ein dokumentasjon på at svært mange ikkje vil fylgje nasjonale råd om å unngå unødige fritidsreiser. Då er det rett med eit forbod.

Eg kan ikkje sjå at den faktiske situasjonen eller grunngjevinga har endra seg frå det nasjonale hytteforbodet og lokalt innreiseforbod til no. Føremålet er framleis å hindre smittespreiing ved at folk forflyttar seg frå eit lokalsamfunn til eit anna. Og det er for å beskytte eit sårbart helsevesen i Vinje og sårbare grupper i Vinje. Lengda på det nasjonale hytteforbodet var ikkje tilpassa situasjonen i Vinje kommune. I nasjonal rettleiar heiter det at det kan vere spesielle situasjonar i ulike kommunar som dei må ta omsyn til. Det er det vi gjer. Vinje kommune er Noregs 4. største hyttekommune og ein vinterdesitnasjon som meiner det er rett å stenge "ut vinteren", d.v.s til 27. april. Neste helg blir i mai. Ein stad må grensa gå, og vi meiner den er rett ut frå vårt tilhøve.

Alle dei hyttefolka som no har kjefta oss ut bør ta med seg at det er ikkje dramatisk for dei. Det er næringslivet i Vinje dette er dramatisk for. Vi gjekk frå i årevis å ha 0,7 - 1 % arbeidsløyse i Vinje, til 12 % på 3 veker. Det er dramatisk for kommunen. Vi har allereie fått konkursar. Det er dramatisk for kommunen. Vi gjer ikkje dette for moro, eller for å plage nokon. Dette skapar store sår i Vinje. Vi gjer det for å trygge liv og helse. Vi sett det fyrst. Det er det vi får masse kjeft og press for frå hyttefolk.

Regjeringa har lagt ned Rjukan sjukehus. Erstatninga var 12 timar meir landambulanse pr. døgn. Vi har jobba i 5 år for å betre akuttberedskapen med å få luftambulanse. Regjeringa har ikkje skaffa kommunen den mengda smittevernsutstyr vi treng. Det vi har forsøkt å skaffe sjølv blei stoppa på grensa til Noreg. Vinje er truleg den kommunen i Sør-Noreg med dårlegast akuttberedskap frå prehospitale tenester og lengst veg til sjukehus. Samstundes er vi i Noregstoppen på pengebruk på lokale helsetenester. Fordi vi gjev helsetenester - gode helsetenester - til langt fleire menneske enn dei som er folkeregistrert i kommunen. Vi gjev det til turistar og hyttefolk. Heimesjukepleie på hyttene, døgnbemanna legevakt, røntgen, osb. Utan at vi har eigedomsskatt på hytter. Samstundes som formannskapet vedtok å ikkje fakturere kommunale avgifter til hyttefolk og samstundes som kommunen har brukt over kr. 1 mill på å måke hyttetak, ha tilsyn med hytter og ha vaktselskap for å passe hyttene for innbrot.

Og vi er då egoistar, for vi tenker berre på liv og helse til innbyggarane i Vinje. Ja, då lev eg vel med egoiststempelet.

Dette innlegget ble først publisert på ordførerens Facebook 15. april og er gjengitt i sin helhet med hans tillatelse.


Artikkeltags