Gå til sidens hovedinnhold

Gaustatoppen – frå urtid til nåtidom

Fyrst og framst er Gaustatoppen eit sterkt og utvetydig vitnemål om naturkreftenes sitt fasinerande og imponerande spel gjennom millionar av år.

Eit vitnemål som bekreftar ei nærast eventyrleg historie om korleis lause grus- og sandavsetningar på havbotnen blir til ein av Noregs mest unike fjelltoppar. Og om alt som ligg før, under og etter denne dramatiske hendinga, da jordskorpa falda seg og havbotnen blei pressa opp til høge og spisse fjellmassiv av størkna grus og sand.

Men i ein bitte-bitte liten tidsepoke fram til i dag, ligg det og ei rik og interessant turisthistorie nærast mellom kvar stein i dette karrige, men likevel så spennande og tiltrekkande fjell-landskapet.

Og i eit enda kortare nesten mikroskopisk tidstrinn samanlikna med Gaustatoppens neste ufattelege alder, er det også ei historie. Den som berettar om teknologien sitt inntog til dette som ein trudde var det uforanderlege urtidsfjellet. Dette førde til at den harde kvartsitten som fjellet er bygd opp av på nytt blei flytta på, etter å ha ligge tilsynelatande roleg i millionar av år, og i alle fall i dei tusenåra som har gått etter at isbreen slepte taket, men sparde den høge og smale Gaustaryggen som eit spir mot himmelen. Men nå var det ikkje naturkreftene, men menneskeskapte, materielle teknologikrefter som omforma deler av toppområdet for å gje plass for dei byggverk og installasajonar som ein ser der i dag.

Det går ei tålegrense ein stad for kor mykje ein kan fikle med dette fjellet før vitaliteten i fjellmiljøet og kvaliteten i naturopplevinga er borte, omgjort til materiell oppleving og menneskemylder. Kanskje blir tålegrensa sprengd dersom kommersialiseringas fanebærarar fullstendig erobrar toppen og fjellnaturen der oppe. Det må vera ein balanse mellom teknikk og natur, mellom materialisme og idealisme, dersom Gaustatoppen skal behalde den attraksjonsverdien som dette fjellet alltid har hatt etter at menneska blei kjent med det for fyrste gong og fram til i dag, og forhåpentlegvis også i framtida.


Jon Ingebretsen