Inviterer til 17.mai på Gaustatoppen

Det blir også i år arrangert 17. mai på Gaustatoppen . - Ingenting kan måle seg med denne feiring 1883 meter over havet , meiner Jorunn Karlberg Tveiten - hyttevert på Gaustatoppen

DEL

- Me startar dagen med felles skitog fra parkering på Gaustabanen. Banen har også åpent denne dagen så dei som vil kan ta banen inne i fjellet, seier Jorunn Karlberg Tveiten, hyttevertskap på Gaustatoppen turisthytte

I ei pressemelding fortel dei om feiringa til topps. Her ønskjer dei alle turglade som vil feire 17. mai på Norges flottaste fjell velkomen.

"Det blir litt informasjon fra GaustaJon, alias Jon Ingebretsen, før avgang og i år blir skitoget leda av Preben Herregården. På toppen blir det 17. maisongar, tale og lyrikk som ein hyllest til nasjonaldagen og fjellheimen, der turisthytta er pynta i 17. maiskrud både ute og inne, og der vertskapet byd på rømmegraut, kake og andre godsaker. Drikke av alle slag finnast også. Initiativtakar til det tradisjonelle skitoget og 17. maifeiringa på Gaustatopopen, Jon Ingebretsen i DNT Telemark, ønsker seg mange bunadskledde folk til topps på nasjonaldagen."

"Det bør ikkje vera nokon skam eller vanære for nasjonalplagget bunaden å gå til fjells med skisko og ski eller fjellstøvlar på føtene, og samtidig vera bunadskledd. Nokon vil kanskje hevde at det er i strid med sikkerheita å kle seg i bunad når ein skal høgt til fjells, og det kan vera eit poeng" vedgår arrangøren.

"Men til denne toppen går som kjent Gaustabanen inne i fjellet, som mange nyttar seg av på veg opp eller ned. Banen er også ein «sikringsventil» om noko skulle hende. Ta med flagg og nyt dagen !"


Artikkeltags