Kart- og skiltinformasjon manglar!

Jon Ingebrigtsen foto telen

Jon Ingebrigtsen foto telen

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Gaustatoppen Nå midt i tur- og turistsesongen har sikkert mange turfolk sett at dei flotte og informative karttavlene som var satt opp der dei mest vanlege turstiane til Gaustatoppen startar, mellom anna ved Stavsro og Svineroi, nå har blitt langt «ned for telling» av siste vinters snømengder, og ennå ikkje satt opp att. Kven som har ansvar for dette, skal vera usagt, det viktigaste er at det blir gjort, i alle fall før tursesongen er over og vinteren nærmar seg. Sjølv om dei nye stiskilta i turstiane ved Gaustatoppen er av god kvalitet og montert skikkeleg, har «Kong Vinter» fart ille også med nokre av desse, spesielt i turstikrysset ovanfor Gaustabanen, tildels også i den såkalla «Øverlandssvingen». I tillegg forvekslar ein del utlendingar namna Selstali og Stavsro, og hamnar i Gausdalen på veg mot Selstali, i staden for til parkeringa ved Stavsro, dit dei skulle. I dette stikrysset på Gaustaråen bør det bli vurdert enda meir klargjerande skilting. Dette er meint som informasjon og slettes ikkje for å klandre nokon som helst.

Artikkeltags