Same dagen som Putin invaderte Ukraina (før avisene melde det) hadde tidlegare direktør NUPI (Norsk utenrikspolitisk institutt), Sverre Lodgaard, ein kronikk i Aftenposten under den overskrifta som eg nyttar her. «Vi må snu noen stener i egen leir,» sier han, «det er lett å fordømme motparten slik som i dette tilfellet.»


Lodgaard ser bakover og seier: «Hadde samarbeidet på begynnelsen av 1990-tallet fortsatt – for første gang siden 1946 fungerte FNs sikkerhetsråd slik pakten foreskrev – kunne kanskje de sikkerhets- og sivilisatoriske hensynene latt seg forene.» Men det skjedde endringar i amerikansk politikk i 2001, då dei ny-konservative kom inn i Det kvite huset.

Då fekk diplomatiet «et skudd for baugen, og nå var USA alene konge på haugen. Ingen gjorde dem rangen stridig,» seier Fodgaard: «Den nye administrasjonen rådførte seg ikke med andre, slik USAs tidligere president Bill Clinton hadde hatt for vane. Det var ingen grunn til å ta spesielle hensyn til russerne, for de lå i grøften og kunne ikke gjøre stort.»

Det skjedde ikkje noko før Putin tok til motmæle på München-konferansen i 2007. På denne tida hadde amerikanarane byrja uttala at «interesse-sfærer var noe utrivelig, noe som hørte til den kalde krigen». Men omgrepet hadde alltid vore der. No galdt dette berre for USA, og USA ville at Nato òg skulle omfatta Georgia og Ukraina. Tyskland og Frankrike var imot, men kompromisset vart at landa skulle få lovnad om medlemskap, og ein sa at ein ville taka imot alle som ynskte dét.

«Mot dette kom betenkelighetene klarest til uttrykk i USA,» seier Lodgaard. «Amerikanske realpolitikere minnet om at Russland hadde legitime interesser i Ukraina og Georgia..» Tidlegare utanriksminister Henry Kissinger åtvara mot å knyta Ukraina til den eine eller den andre sida. Han skreiv i Washington Post at Ukraina måtte «være en bro mellom øst og vest», og han meinte «Finlandisering» var rette politikken for Ukraina.

Den nye politiske lina var no sterkast representert i Det republikanske partiet, som no ikkje var attkjennande, seier Lodgaard.

Elles: Då Nato-medlemskap for Ukraina, kom på tale, skreiv Aftenpostens tidlegare utanriksredaktør og kommentator, Nils Morten Udgaard at «realpolitikken kan ikke avskaffes, et visse hensyn til andre makters interesser må alltid være til stede. Det har til tider manglet i EUs og NATOs overfor et Ukraina som utgjør Russlands myke «underliv».

Og Kåre Willoch uttala seg slik i ein debatt: «Jeg er betenkt over den vestlige verdens gjentatte mangel på respekt for andre samfunns interesser, meninger og holdninger. Og jeg unnlater ikke å si at når det gjelder behandlingen av Russland, så er jeg ikke fornøyd. Natos østutvidelser gikk for langt, og forsvarsalliansen tok ikke hensyn til russiske strategiske interesser. Jeg mener at når en skadet bjørn ligger rolig, så er det ikke nødvendig å stikke den med et spyd, og det er vel omtrent det man gjorde da man begynte å antyde at Natos grense skulle gå 500 km fra Moskva.»

Willoch uttala seg liknande so seint som i 2019. Og han var imot sanksjonane mot Russland, han meinte at eit fattig Russland ikkje var godt for verda.

Då Sovjetunionen kollapsa, og USA var «konge på haugen», som Lodgaard seier, var amerikanarane på plass med sine rådgjevarar. Det vart kaotiske tilstandar i landet, og folket fekk nostalgiske kjensler attende til sovjettida. No var landet audmykt. Putin betra levekåra og bygde oppatt respekt for Russland, som hadde bore tyngste offera i andre verdskrigen, denne kallar russarane «den store fedrelandskrigen».


Lovnadene Sovjetunionen fekk då ein gjekk med på at Tyskland vart foreina, vart ikkje haldne. Nato utvida seg austover, og med ogso Georgia og Ukraina i Nato ville det verta ei tydeleg inn-ringing av Russland. Då måtte ein godtaka at flåtehamna i Sevastopol kom til å liggja i eit Nato-land. –


Denne krigen er eigenleg ein krig mellom USA og Russland (på ukrainsk jord) – eit resultat av ‘det militærindustrielle kompleks’, som Eisenhower åtvara imot då han gjekk av som president.

Putin undervurderte den militære motstanden frå ukrainarane og overvurderte eiga slagkraft. No har gjer Putin alle til fiendar; ukrainarane var tidlegare eit splitta folk i forholdet til Russland. Han feilvurderte òg dei veldige reaksjonane som invasjonen utløyste.


Nokre tal frå ein artikkel i Aftenposten 17. mars, av Peter Elglund, viser styrkjetilhøvet mellom Vesten og Russland: «I 2020 hadde USA, Storbritannia og EU til sammen et nasjonalprodukt på 38. 952 milliarder dollar, mens Russlands nasjonalprodukt lå på 1483 milliarder dollar. Og i 2021 var Vesten militærbudsjett til saman på 1030 milliarder dollar. Russlands for same år var på 63 milliarder.» Er Russland då ruste til truga heile Europa? – (Operasjonane gjeng ikkje etter planane i Ukraina.) Forstå det den som kan! Men militærutgiftene skal aukast i alle vestlege land – til stor glede for våpenprodusentane.


Når me veit at politikken som Henry Kissinger rådde til, kunne ha berga verda frå «uføret» (eit altfor svakt ord!), gjer det ekstra vondt å sjå tv-bileta frå Ukraina og tenkja på korleis ukrainarane lir, dei som i fyrste rekkje betalar prisen for politikken. Fylgjer av mange slag vil òg verta godt merkande i Europa – ja i heile verda.


Russarar som protesterer mot Putins krig, fær grov kjeft av diktatoren. Det slepp amerikanarar som meiner USA sjølv har ansvar for krigen. At 22 prosent meiner dette, Ifylgje ein artikkel i Aftenposten nyleg, er det grunn til å merkja seg; dei tenkjer logisk. Dét gjer forskaren Anders Kjølberg òg, kronikør i Aftenposten 18. mars (side36). Han vurderer Vestens politikk andsynes Russland.

Hallvard Hegna