Som supplerande informasjon til saka i Varden den 18. januar om hytteplanar ved Nordstul på Blefjell i Notodden kommune, der MDG sin stortingskandidat frå Telemark, Benedikte Nes, med rette stiller seg kritisk til denne utbyggingsplanen, som ennå ikkje er endeleg avgjort i Notodden kommune.

I stor grad av omsyn til forvaltninga av villreinstamma på Blefjell i relasjon til vidare hyttebygging og ferdselspress, blei det i si tid utarbeidd ein fylkesdelplan omfatta av alle aktuelle kommunar på Blefjell i daverande Buskerud og Telemark fylker. I Telemark gjaldt dette Notodden og Tinn. Konklusjonen var at meir hyttebygging inn mot og i randsona til reinens leveområde, som i tillegg generera meir ferdsel var uheldig. Av den grunn blei mellom anna ny hytteplan i Nordstulområdet frårådd. Ein reknar med at forskrifta i denne planen fortsatt gjeld.

I desse dagar er det eit omfattande prosjekt på gang for å fastslå og kartlegge villreinens situasjon, behov og vilkår i Blefjellområdet. Villreinstamma på Blefjell er ein liten og sårbar bestand, som ikkje lenger har utveksling med reinen på Hardangervidda over Lufsjåtangen på grunn av massive hyttefelt og vidare utbygging ved Killingskaret, samt pga vegen over Imingfjell. Erfaring viser at reinen periodevis trekker ned i fjellskogen mot Hovin og mot Nordstulområdet for å få ro og finne mat, fordi Store Ble, som er det normale vinterbeiteområdet, er pressa av ferdsel både sommar og vinter. Det betyr at randsonene til fjellplatået er viktige som reinens leveområder. Kalvingsplassane er lite kjent på Blefjell, noko prosjektet vil forsøke å finne ut av. Både i den tidlegare planen og i det pågåande prosjektet er eg engasjert som kunnskapsformidlar og kjentmann, tidlegare frå Naturvernforbundet i Telemark og nå frå DNT Telemark.

Jon Ingebretsen

naturrettleiar og MDG-medlem