I mai skal alle med koronasymptom testast

Av
DEL

(Firda) I mai skal alle som har symptom på koronaviruset, kunne testast, er målet til styresmaktene.

– Vi har som mål at i mai skal alle som har symptom, få moglegheita til å teste seg. Det inneber ei gradvis utviding av gruppene ein tilrår testar seg, sa helseminister Bent Høie (H) på pressekonferansen om koronasituasjonen på måndag.

Dermed kan kapasiteten vere auka, utan at det nødvendigvis gir utslag i kor mange som blir testa dag for dag, sa helseministeren.

Målet er 75.000 testar denne veka og 100.000 i april, sa assisterande helsedirektør Geir Stene-Larsen.

Styresmaktene vil no òg innlemme tilsette og barn som er tilbake i skular og barnehagar, blant gruppene som kan testast.

Avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet understreka at kor mange som kan testast, både avheng av kapasiteten i maskinene som blir brukte, og dessutan tilgjengeleg personell og smittevernutstyr.

– Det er ein kabal som må på plass, men vi nærmar oss absolutt ein stad der vi kan auke kriteria for testing ytterlegare, sa ho.

Artikkeltags