Turistmagneten Gaustatoppen: Besøkstal og tålegrenser ?

Jon Ingebrigtsen 17. mai på Gaustatoppen (arkivfoto)

Jon Ingebrigtsen 17. mai på Gaustatoppen (arkivfoto)

Av
DEL

Gaustatoppen blir eit stadig meir populært turmål, truleg landets mest besøkte etter Preikestolen og føre Besseggen og Trolltunga. På årsbasis er det temmeleg sikkert minst 70-80000 menneske som er på toppen, kanskje enda fleire. Så store mengder turistar og turfolk strøymer dagleg til toppen nå i sommarsesongen at det er relevant å vurdere om besøkstalet er i ferd med å nå ei grense som kan slå negativt ut på attraksjonsverdien ved å oppsøke toppen.

Her er det mange forhold som spelar negativt inn: Parkeringskapasiteten på Stavsro i Hjartdal kommune for folk som vil gå til toppen er meir enn sprengt, og parkeringsplassen ved Gaustabanen i Tinn kommune er ikkje større enn han må vera når det er topptrafikk på banen. Når det gjeld å utvide parkeringsforholda ved Stavsro ved å fylle opp fleire terasser i myrområdet, er det krevjande og kostbart med behov for store mengder langtransporterte fyllmasser. Litt opp langs vegen søraust for Stavsro på austsida av vegen er eit relativt flatt og masserikt areal som på ein rimeleg måte kan gjerast om til parkeringsplass, dersom grunneigarforhold og andre formalitetar kan ordnast, og der det allereie i dag er ein rotete parkeringsplass. Det er kort avstand mellom dette og Stavsrohytta. Det er viktig å få ordna desse forholda, før det blir enda fleire uheldige tilløp til ulovleg utmarksparkering enn det som diverre skjer i dag. Det burde også vere i miljøstyresmaktenes og grunneigaranes interesser. Sjølvsagt kan det informerast om og tilretteleggast elles på ulike vis for å få spreiing på parkeringa på fleire mindre eigna stader. Det er nemleg fleire T-merka stigar som fører til toppen på vestsida og austsida av fjellet. Men å spreide trafikken mot toppen har sin pris både sikringsmessig og av omsyn til slitasje på sårbar natur. Dilemmaet er likevel at når alle folka samlast på toppen i eit relativt lite, steineste og bratt areal, oppstår det lett lite populære «sild i tønne»-tilstandar, m.a. med køtendensar for å få kjøpt seg velsmakande vaflar og andre ting i turisthytta.

Infrastruktur og tilrettelegging er i dag ikkje dimensjonert for så mykje folk. Og spørsmålet er om det er eit mål å gjere det heller i og med at toppområdet arealmessig frå naturens side ikkje har rom for serleg meire folk utan at det fort kan gå på trivselen og naturopplevinga laus. Da kan popularitetspendelen lett vippe andre vegen i negativ retning. Dette gjeld sjølvsagt generelt, og ikkje for publikumsmengda ved enkeltarrangement på toppen. Paradokset er at det i eit folkehelseperspektiv er positivt at flest mogleg går til toppen. På den andre sida har helseeffekt også med naturoppleving og trivsel og velvære å gjere.

Artikkeltags