Vi har forventningar til KrF !

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Kristeleg folkeparti har over lengre tid heldt landbruksfana høgt. Telemark Bondelag har oppfatta Krf som genuint oppteke av å ha norsk matproduksjon basera på eit mangfald av gardsbruk over heile landet. Partiet sitt engasjement knytt til landbruk og matproduksjon har mellom anna gjeve utslag i viktige korrigeringar av Regjeringa sin landbrukspolitikk. Det har Telemark Bondelag sett svært stor pris på. Krf sit nå i forhandlingar med representantar for regjeringspartia, med det mål at Krf går inn i regjering. Spesielt eitt av regjeringspartia har ein landbrukspolitikk som ligg langt frå den landbrukspolitikken Krf står for. Dette gjer sjølvsagt forhandlingane på landbruksområde krevjande. Telemark Bondelag har klare forventningar til at Krf held landbruksfana høgt i regjeringsforhandlingane, og at eit vilkår for å gå inn i regjering er at Krf får tunge gjennomslag for sin landbrukspolitikk. Så langt har Telemark Bondelag oppfatta Krf som ein sterk «advokat» for eit effektivt importvern, for tilskotsordningar som jamnar ut geografiske og strukturelle forskjellar, for marknadsreguleringsordningar basera på mottaksplikt, og for eit inntektsmål som tettar gapet mellom inntekt for bonden og inntekt for andre grupper i samfunnet. Telemark Bondelag forventar at Krf krev gjennomslag på desse områda for å kunne gå i regjering. Vi ynskjer lukke til i forhandlingane.

Artikkeltags