Fordeling av kraftverdiar

SJEFEN: Ordfører Bengt Halvard Odden

SJEFEN: Ordfører Bengt Halvard Odden Foto:

Av
DEL

Valg 2019 hjaretdalDet har vore eit langvarig og rettferdig prinsipp at dei kommunane som stiller naturressursane til gode for resten av storsamfunnet skal få varig kompensasjon for naturøydelegginga. Det har òg vore stor forståing for at kraftkommunane har krav på ein del av verdiane som vert skapt ved utnyttinga av vasskrafta.

Nå har dette prinsippet blitt utfordra sentralt av regjeringa ved fleire høve og nå lokalt av fylkespolitikarar og byråkratar. I kjent stil slår Frp til med Frp sin kjente politikk, mindre ressursar til distriktet til fordel for meir ressursar sentralt. Sitat frå Thorleif Vikre Frp i Varden: Kraftkommunane får meir pengar enn dei burde. Vikre ynskjer debatten velkomen i det nye fylkestinget og det betyr at verdiane kan forsvinne frå Øvre Telemark.

Sp sin fylkesordførarkandidat for Vestfold og Telemark, Terje Riis-Johansen, meiner det er uaktuelt å endre avtala dei åtte kommunane har med Telemark fylkeskommune. Det er ingen problem at den avtala fortsett inn i ny fylkeskommune saman med Vestfold. Dette støttar Ap, det gjorde vi også når fellesnemnda for det nye fylket drøfta saka og vart einige i avtala skal fortsette uendra.

Det er flott at Riis-Johansen forsvarar denne avtala. Men vi er bekymra for avtala om Sp går i forhandlingar med Frp om makta. Vi er urolege fordi for Riis-Johansen har sagt at han kan godt samarbeide med Frp og Høgre for å få gjennom Sp sin politikk. Då vil denne avtala bli forhandlingstema. Kva som då vil skje når posisjonar skal fordelast er uvisst.

I Ap er det ingen tvil. Ap vil vera ein garantist for at avtala om konsesjonskraft fortsett som før og vil ikkje forhandle om den etter valet.


Med kraftfull helsing

Vestfold og Telemark Ap, Truls Vasvik og Terje Aasland

Ordførarkandidatar i aktuelle kommunar:

Tinn Ap – Trond Jore

Hjartdal Ap –

Bengt Halvard Odden

Fyresdal Ap –

Erik Skjervagen

Kviteseid Ap –

Tarjei Gjelstad

Nissedal Ap – Halvor Homme

Seljord Ap – Halfdan Haugan

Tokke Ap –

Hilde Alice Vågslid

Vinje Ap – Bertin Bjåen


Artikkeltags