Tamreinsdrift/sørsamar som reingjetarar og villreinen på Hardangervidda. - Dette må vera ein kulturhistorisk fortrenging frå myndigheitenes side.

TAMREIN: Frå slakteplassen til Opedal Renkompani ved garden Bakke i Uvdal. Frå venstre framme samefamilien Vardo, Sigrid f.1885, mora Sara og Nils. Bak samen Tomas Johansen. (Fotograf G.L.Kvislen. Foto utlånt frå Nore- og Uvdal bibliotek sitt fotoarkiv.)

TAMREIN: Frå slakteplassen til Opedal Renkompani ved garden Bakke i Uvdal. Frå venstre framme samefamilien Vardo, Sigrid f.1885, mora Sara og Nils. Bak samen Tomas Johansen. (Fotograf G.L.Kvislen. Foto utlånt frå Nore- og Uvdal bibliotek sitt fotoarkiv.)

Av
DEL

I boka til Johan Vaa/ Kjell Bitustøyl 2012«Vaa/Bitustøyl:72» stend følgjande om det genetiske ved reinen på Hardangervidda:

«I høve til den genetiske samansetningen av villreinen på Hardangervidda, er det genforskar Knut Røed som er den fremste eksperten. Underteikna (Bitustøyl innsett) hadde ei samtale med han i feb. 2012. Han slår fast at dagens villrein er forskjellig frå den reinen som ein fann på Sumtangen på 1200 - tallet. Der finst eit stort beinmateriale med DNA å forske på etter den intense drivfangsten som gjekk føre seg, særleg i perioden 1240 - 1290. Røed meiner at den viktigaste endringa frå da til no, er at genetisk variasjon er langt større i dag enn tilfelle var på 1200- talet. Han stadfestar at dette skuldast innslag av tamrein.»

Kjell Bitustøyl har vore sterkt oppteke av dette emnet med villreinen kontra tamreinen, og han har og ein kronikk i avisa Nasjonen 13. mai 2013. Der skriv Bitustøyl m. a.:

«Det er nettopp desse villreinstammene som no har fått sine regionplanar initiert av Miljøverndepartementet. I samband med «Regionalplan for Hardangervidda» er det bl.a. lagt fram ein kulturhistorisk del, men tamreindrifta glimrar med sitt fråvær. Har fokuset på villreinen heilt fortrengt det faktum at mykje av denne villreinen eigentleg er forvilla tamrein? Og kva med historia om sørsamane? Underteikna har over lengre tid arbeid med å dokumentere sørsamisk kultur i Sør- Norge utanfor dei tradisjonelle sørsamiske områda. Eg meiner det må vera rett å ta med tamreinperioden som ein del av villreinens kulturhistorie».

Bitustøyl seier m.a: «Tamreindrifta førte til oppsving i mange fjellbygder, tamreinselskapet blei den viktigaste arbeidsplassen i bygda. Dette gjeld til dømes fjellbygder som Borgund, Rauland, Uvdal, Tinn, Skurdalen, Dagali, Røldal, Eidfjord og Bykle. Samtidig rømde tamrein inn i dei få villreinflokkane som fanst att. Tamreindrifta blei redninga for fleire villreinstammer, særleg genetisk, for nytt blod kom inn. Oppsummert kan ein snakke om tamrein og sørsamisk påverknad over ein periode på mellom 140 til 180 år. Det må vera lov å undre seg over at denne epoken ikkje har kome med i dei regionale planane.» Sjå vedlagte foto frå Opdal Renkompani med sørsamar og rein. Ord om tamreinen eller sørsamane finn ein lite. Er dette bevisst politikk frå styresmaktene, eller er det rett og slett mangel på kunnskapar? Å undertrykkje dette faktum, i forskningens namn, er nær kulturhistorieforfalsking, eller i beste fall fortrenging av fakta. Underteikna har i eit anna avisinnlegg, nyleg, påpeika at folkeblandinga mellom Tinn og Numedal heller ikkje er omtala i Hardangerviddaplanen. «Folk til Folk» som eg kallar det. Folk til Folk er eit tema som ikkje er omtala i det heile teke i samband med Hardangerviddaplanen og vinterbrøyting av Imingfjellvegen. Men dei vinterstengjer vegen utan å ta omsyn til folk. Tenk over at dette er Hovedmål for Hardangerviddaplanen: -Å sikre villreinen tilstrekkelige leveområde og langsiktige gode livsvilkår. - Å sikre lokalsamfunnene rundt Hardanervidda gode muligheter for næring og bygdeutvikling. - Å legge til rette for friluftsliv og naturbasert næring. Men her har ein altså 3 viktige kulturhistoriske tema som Hardangerviddaplanen overser/ undertrykkjer: Reinens genetikk ved blanding med tamreinen, reinen er da ikkje noko dårlegare av den grunn, snarare tvert imot. Sørsamanes store kunnskaps-medverknad på Hardangervidda, som har bidrege til reinens utvikling og genetikk. Folk til Folk hensynet, lokalbefolkningen på begge sider av fjellet sin kulturtradisjon og behov for samvær med slekt og vener som er grunnlaget for at vi kan leva og bu på ein stad. Eg oppmodar Styringsgruppa til å ta tak i desse kulturhistoriske forsømingane.

Austbygde 5. april 2019


Halvor Lurås

Artikkeltags