Underteikna har etter ein lang tids debatt no vorte så oppskaka og engasjert av å sjå på «dyremishandlinga» som skjer på Hardangervidda at pennen måtte fram. Redselen for å miste moglegheita til å jakte på verdens vakraste dyr og ikkje minst berre det å få oppleve synet av villrein i norsk fauna blir sterkare og sterkare.

Har heilt sidan eg var 8-9 år gammal vore over snitte glad i og opptatt av villrein og villreinjakt. Turar inn i Skorene (Vinje Kommune) og Storhellerområdet på hausten dei siste 30åra har vorte ein tradisjon. Det er noko ein gler seg uhorvelege til kvart år jo eldre ein blir, og ein stadfestar at dette er ein viktig del av livskvaliteten. Reinsjakt og opplevinga av desse fantastiske dyra i fjellheimen overgår nok det meste av naturopplevingar og jaktopplevingar for min del.

Eg er no så heldig å ha tre gutar som har dei same interessene eg hadde som 8-9åring og eg ynskjer å ta dei med så mykje eg greier slik at dei får ta del i desse opplevingane. Desse jakt og natur opplevingane i nærområde er så unike at det hadde stor innverknad på kvar eg ynskja å etablere meg i starten av 2000 talet. Forhåpentlegvis kan dette også påverke valet til mine etterkommarar når dei og skal etablere seg. Me er så heldig at me får leiger hytte med jakt og fiske terreng i eit av dei beste områda på Hardangervidda, Storhellerflotti. Generelt er tilgangen på jakt og fiske og natur for innbyggjarane i Vinje veldig god.

I veke 27 reiste me heile familien (2 vaksne, 3 ungar på 7, 12, 14år) til fjells. Båt inn Bordalen, 2 timar gåing til hytta. Då me kom til hytta så oppdaga me reinsdyr i nærheita og underteikna introdusera og implementera ungane i lyddisiplin og respekt for reinen og at den ikkje skal forstyrrast. Det lukkast eg med, og ungane satt å såg i 3 timar ut glaset på hytta for å bli betre kjent med reinsdyra som gjekk fredeleg og bekymringslaust i sin «eigen fjellheim». Dagen etter vakna me til nok eit syn av desse fantastiske dyra. Men gleda og opplevinga av dyra vart fort avbroten då det dukka opp eit helikopter med andre planar en den disiplinen eg hadde prøvd å lært mine ungar dagen før. Konklusjonen på oppførselen til helikopteret der og då var at dette måtte vera jaging av rein.

Rein som nærmar seg E134 og Setesdal området havnar då i eit «raud område» har det blitt meg fortalt. Dette er for at ein skal unngå at dei skal blande seg i andre villreinområde der reinen er frisk, reinen på Hardangervidda er stempla som «sjuk» og det er stor risiko for at denne har mykje CWD i seg. Men eg fekk liksom ikkje teorien min heilt til å stemme då reinen ikkje var i et såkalla «raudt område» endå, hytta ligg langt(ca 9km luftlinje) frå E134.

Når eg kom heim måtte eg finne ut kva dette var, etter litt «etterforsking» viste det seg at det var kalveteljing som var oppdraget denne dagen. Noko som i grunn gjorde meg endå meir opprørt. Er det slik denne kalveteljinga forgår! Det er ikkje hakket betre eller meir skånsomt en til dømes merking av dyr i flokkar eller jaging av dyr slik som det vart utført rundt Riksveg 7 under jakta 2021. Er nokon interessert i korleis dyreteljing ser ut så er det berre å ta kontakt, eg filma mykje av denne dyremishandlinga.

Utdrag frå NINA si heimeside; «Villreinen på Hardangervidda er hardt pressa av mangeårige utbygginger i randsonen og et nettverk av turstier i kjerneområdet»

Reinsdyra på Hardangervidda blir presse frå alle kantar og leveområda deira blir mindre og mindre skriv NINA. Turist hytter og stiar bør stengast, hytteutbygging i villreinområda og randsonene bør avviklast, motorferdsel må ned på minimumsnivå. Dette er det mange meiningar om og eg har sjølvsagt mine. Men poenget mitt i dette innlegget er kva med NINA, SNO, Mattilsynet, politiet og Villreinutvalet sin ferdsel og oppførsel i teigen?

Kvifor kan desse fly med helikopter og køyre scooter akkurat der det passar dei og når det passar dei både på teljingar, merkingar, saltstein gjerding, mating av fjellrev, transport oppsyn m.m.


Etter kvart så mistar ein respekten for jobben dei driv då ein ser at dette er faktisk størsteparten av ferdsel, trafikk og forstyrringar direkte mot villreinen som skjer både sommar og vinter. Då lurar eg på. Er alt dette naudsynt transport og motorferdsel? Er det viktigare å utføre forsking/kontroll/menneskeleg kunnskap om arten en faktisk det å tenkje på reinens eige beste og den påkjenninga den blir utsett for i desse situasjonane? Villreinen har klart seg på dette fjellplatået i hundrevis av år og den største trusselen den alltid har hatt, det er vell ikkje sjukdom eller beiteområde, det er menneskeleg aktivitet. Min påstand er at ein tuklar for mykje med naturens gang, la reinsdyra få vera i fred! Villreinen har vist seg levedyktig på Hardangervidda i mange hundre år.

Så Ingunn Midttun Godal og kompani, eg utfordrar dykk, kom gjerne med svar på at akkurat det arbeidet dykk gjer med Villreinen på Hardangervidda gjev resultat og er livs nødvendig for at reinen skal eksistere. Greier dykk å vise dette så er eg og sikker på at «brukarane» gjev dykk tillit. Men no er det på tide etter så mange år med sjuk villrein på Hardangervidda å koma med faktabasert og resultatbasert informasjon.

Nedgang i vekter, dårleg forfatning og kondisjon på dyra er det og rapportar om. Kvifor er det det? Er det fordi at dyra blir verande i eit minimalt område av Hardangervidda mesteparten av året eller er det fordi dei blir forstyrra av fotturistar, motorferdsel eller for mykje hytteutbygging? Det er nok sikkert ein god kombinasjon av fleire faktorar. Men kvifor skal berre nokon av desse faktorane belysast og gjerast noko med. Ein skulle tru at det er hytteutbygginga i randsoner og turstiar i kjerneområde som eine og aleine er hovudgrunnen til at villreinen på Hardangervidda ikkje har nok beiteområde, har mykje CWD og er utryddingstrua, vist dei i heile tatt er det da.

Min oppfatning er at NINA, SNO, Mattilsynet, Politiet og Villreinutvalet har ein eigen lovnad som heiter; fri motorferdsel på Hardangervidda utan hensyn. Oppgåvene dei utfører er så absolutt naudsynt og alle dei oppgåvene må utførast med motorisera køyretøy helst i kjerneområde av Hardangervidda og helst så nærme villreinen som råd.

Forslag til ny tekst på heimesida til Nina; «Villreinen på Hardangervidda er hardt pressa av mangeårig forstyrringar frå NINA, mattilsynet, SNO, villreinutvalet, utbygginger i randsonen og nettverk av turstier i kjerneområde»

Dette skapar ingen truverdigheit eller tillit vist nokon meiner at scooteren til SNO som køyrer inn til alle fôringsplassane i kjerna av Hardangervidda kontra scooteren til Ola og Kari som køyrer inn

Songavegen og vidare ut på Songa isen t/r er mindre skadeleg for rein og natur. Landing i nærleiken av dyr eller flyging over dyr ute i terrenget er det ingen andre som driv med en dei nemnde(SNO, NINA, Mattilsynet, Villreinutvalet). Ein grunneigar på ein scooter som skal inn på hytta si ein vinterdag for utførande vedlikehald eller proviant transport, ein jeger eller fleire som har uttransport av reinsdyr frå ei hytte, dette er døme på motorferdsel i forhold til forvaltning og bruken av eigendommane. Desse ferdslane har på ingen måte så stressande og negativ innverknad på reinen som direkte nærkontakt som teljing, merking og jaging osb. Det er heller ingen private som køyrer på kryss og tvers av Hardangervidda med scooter. Forskjellen i praksis er at det fyste eg nemner i utgangspunktet ikkje er lov og må søkjast om og det andre er lov utan å ta hensyn til dyra og naturen berre du er den rette oppdragsgjevaren. Men kva som er mest skadeleg for villreinen er det vell ingen tvil om..

Skal mine ungar og generasjonar framover få same naturopplevingar eg til no har fått opplevd så trur eg at motorferdsel i form av helikopter direkte mot villreinen må avviklast, dette er ein stress faktor for reinen. Al scootertransport innanfor nasjonalparken vinterstid utanom grunneigars tilsyn, bruk og vedlikehald av hytter bør forbyast for alle inkludert SNO, Nina, mattilsynet, villreinutvalet m.f.

Dette er også fienden til villreinen!


Tommy Lindskog