Landskappleiken er avlyst

AVLYST: Landskappleiken i Tinn er avlyst.

AVLYST: Landskappleiken i Tinn er avlyst. Foto:

DEL

Styret i FolkOrg har, i samråd med lokale arrangørar av Landskappleiken 2020 i Tinn og Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2020 i Fron, vorte samde om å avlyse båe arrangementa i 2020. Det betyr at Landskappleiken vert avlyst for første gong sidan 2.verdskrigen – Landsfestivalen i gammaldansmusikk vert avlyst for første gong, heiter det i ein pressemelding i frå Folk.org.

Det er ei krevjande og tung avgjerd å ta, men vi meiner det er heilt naudsynt når landet er i ein krisesituasjon vi ikkje har opplevd maken til i nyare tid. Det er første gong Landskappleiken vert avlyst sidan 2. verdskrigen, så dette er ein dramatisk situasjon også for organisasjonen vår.

Situasjonen er for tida svært uavklåra, og sjølv om dei strenge og inngripande tiltaka som no er sett i verk kan bidra til å redusere smitteomfanget, har vi ingen garanti for at dette ikkje kan ta seg opp att når dei strenge restriksjonane blir lempa på.

«Vi kan ikkje risikere å utsette folk for smitteeksponering ved å gjennomføre to store arrangement med tett kontakt mellom folk, mot alle råd og restriksjonar frå helsemynde og regjering. Vi kan heller ikkje risikere at våre lokallag knekk ryggen økonomisk dersom dei skulle halde fram med planlegging og inngåing av avtalar med leverandørar og kommersielle samarbeidspartar, no når det er så stor usikkerheit knytt til gjennomføring. Da er det betre å avlyse sommarens arrangement først som sist, og kome sterkare attende i 2021» seier styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan i pressemeldinga.



Artikkeltags