Tenkte ikkje eg skulle kommentere fastlegesituasjonen ved Tinn Helsetun noko meir, men her er eg igjen.

Fastlegekontoret vart lagt ned, omgjort til utekontor med usikker legedekning 3 dagar i veka, heilt sikkert sumarstengt og stengt ved annet nødvendig fravær. Sentraliseringspartia i Tinn, H, A og FRP må saman med SV ta det heile og fulle ansvar og ikkje skulde på administrasjonen. Våre folkevalde har det siste ordet og må ta ansvar for avgjerdene sine sjølv. Det blir uforutsigbart når leiar i Helse og Omsorg, Vidar Stang hevdar i RA at det skal vere lege i Austbygde, at det kansje blir stengt i sommar, det ser ut som legekontoret blir halde uppe som før etter dine uttalelser. Innstillingen til vedtak seier noko anna. Vidar Stang har ikkje med eit ord kommentera kritikken min om dårleg informasjon ut til befolkningen. Det høyrer ingen stad heime at det er gjennom lesarinnlegg folk får greie på kva slag helsetilbud me kan venta oss framover, ikkje rart det blir uro og usikkerhet blant folk, når all info me får er ullent politikerspråk. Me må kunne forvente klar og ærleg informasjon frå leiar i Helse og Omsorg. SV har verkeleg endra standpunkt, og det berre på litt over 1 år.

I Sept. 2020 i eit lesarinnlegg frå Helene Kittelsen, Trygve Lampe og Steinar A. Miland står det.

«Legestillingen må ikke fjernes fra bygda» Skulle gjerne referera heile innlegget, men eg får ta med litt. «Det vil være svært dramatisk om legestillingen skulle bli borte fra bygda. Det vil også få store konsekvenser for bl.a. Tinn Helsetun. Den nåværende politiske posisjonen med AP, H og Frp har gitt signaler om å omorganisere uten at folk og velgere får informasjon om hva som foregår. Er det slik at legestillingen skal fjernes og sees i sammenheng med helt nye planer for Tinn Helsetun. Når denne saken kommer opp til behandling, vil SV gå imot å flytte legestillingen fra bygda.»

Eitt år og ca. 2 mnd. seinare snur dei og går inn for å flytte legestillingen til Rjukan. Ein blir både skuffa og oppgjeven, kva og kven kan ein stole på? Ikkje veit eg. Det er framleis svært dramatisk og usikkert for oss i bygda med tanke på trygt helsetilbud i framtida.

At det skal vera smitteeffekt i utfordringen med å rekruttere legar i Austbygde til Rjukan (Vidar Stang sier at det har spredd seg til Rjukan) synes å vera ein merkeleg formulering. Det var vel ganske forutsigbart med fastlegekrise også på Rjukan da det har vore generasjonsskifte og legar har dei siste åra slutta grunna alder. Det syner at fastlegekrisa ikkje lar seg løyse med å leggje ned fastlegekontoret i Austbygde. Det er etter som du seier like stort problem å få legar til Rjukan. Og skulle det ikkje vera det? Krisa er vel ikke eineståande for Austbygde, det gjeld som du seier heile landet, inkludera Rjukan Legekontor.

Eg veit ikkje kva som er gjort for å skaffe legar. Er det annonser, telefonar? Kva er gjort for å marknadsføre bygda som ein god plass og bu? Kor mykje iver og entusiasme for Tinn Helsetun som arbeidsplass med samlokalisering av mange tenestar, godt arbeidsmiljø osv. Er det i søknad tatt med nærleik til både offentleg barnehage og skule og privat Montessorriskule? Nærleik til flott natur med fjellområder og sol heile året. Kan det skaffast hus? Vidar Stang seier berre at dei har gjeve administrasjonen vide fullmakter. Kva det går ut på er usikkert for meg. Han seier også at administrasjonen heile tida har hatt ønskje om berre eit fastlegekontor i Tinn. Det er ganske nærliggande å tru at iveren ikkje har vore så stor for å få fastlege til Austbygde. Eg veit ikkje, men etterlyser ærlege svar og informasjon.

Eg har faktisk forslag til rekruttering av legar, sjølv om eg synes det er underleg av leiar i Helse og Omsorg å imøtegå meiningar på måten det blir gjort her. Eg hadde egentleg tenkt å la være og kommentere akkurat det.

Eg foreslår å skrote vedtaket av 21.10.21 med eit fastlegekontor i Tinn, og foreslå to fastlegekontor, eit i Austbygde og eit på Rjukan, at det i rekrutteringsprossessen til kontoret i Austbygde blir nytta ein Nordsjø-turnus og at administrasjonen startar prossessen så fort dei kan. Det synes ikkje å vera så vanskeleg å gjera om på kommunestyrevedtak når det er nok vilje til det, forslaget til SP i kommunestyret 21.10.21 bør vere ein god ide for å forsøke og rekruttere legar til Tinn.

Eg har hatt Oddvar Halvorsen som fastlege i alle år. Eg har ikkje opplevd at kontoret har vore stengt i uker på sumaren eller elles i året så lenge han var fastlege, det vil seie fram til mars 2020.

Sumaren 2020 vart kontoret stengt over natta utan informasjon, vidare vart det stengt over lang tid i 2021. 2020 var fyrste gongen eg opplevde sumarstengt legekontor ved Tinn Helsetun. Eg vil gjerne at Vidar Stang dokumenterar opplysningar han har om sumarstengt legekontor i den tida vi hadde fastlege Oddvar Halvorsen på plass.

Tessungdalen 05.06.2022 Sigrid Lurås Nørstebø