Luftige turar til fjells

Av

I ein ny bok tek Bjørn og Perly Norberg føre seg dei mange taubanene i Norge. Dei er mellom anna innom Telenor si spektakulære taubane på Kinn, som blei lagt ned i 2006.

DEL

I det fjellrike landet vårt med mykje ulendt terreng, har det sidan 1800-talet vore tatt i bruk taubaneteknologi for å frakte folk og utstyr – enten det har vore i anleggsarbeid eller for fritidsaktivitetar. Frå nord til sør finst både spor etter gamle taubaner og toppmoderne baner i drift.

Bjørn Norberg har gjennom førti år i ståltauproduksjon og i Taubanetilsynet sjekka tryggleiken på norske taubaner. Det har inspirert han til å skrive boka «Taubaner i Norge» saman med kona Perly, som har vore med på mange av reisene. Boka skildrar kjente taubaner, som Fløibanen i Bergen, Loen Skylift og Fjellheisen i Tromsø, i tillegg til heisar i alpinanlegg. Vi får også høyre om baner som er brukt av Forsvaret, i tele- og vasskraftutbygging og i bergverka.

Magesug over fjord og hav

– Vi har tatt for oss ca 70 sentrale baner etablert mellom 1874 og 2020, fortel Bjørn Norberg, som ikkje er av den typen som er redd for høgder.

– Nei, eg kunne ikkje hatt høgdeskrekk i jobben min, men det har vore ein luftig arbeidsplass, seier han og ler.

Og statistisk sett er det trygt å la seg frakte med taubane samanlikna med andre transportmiddel.

– Per dags dato har det ikkje skjedd dødsulykker på konsesjonspliktige baner sidan 1974. Men hendingar skjer, og i jobben min var skadegransking ei viktig oppgåve, seier Norberg.

Den mest spektakulære kabelbana han har køyrd med i Noreg, heitte Bjølvefossen og låg i Ålvik.

– Når du køyrde ned frå mellomstasjonen nesten 500 meter over fjorden, forsvann plutseleg både skjenegangen og røyrgata ved sida av, og du hadde kjensla av å henge fritt i lufta og sjå fjorden under deg. Dette kom av ein brå knekk i skjenegangen like nedanfor stasjonen, med ei brå helling på 61 grader, fortel Norberg.

Ålvik-bana blei bygd i samband med kraftutbygging for å frakte folk og utstyr til installasjonar på fjellet. Seinare vart ho også lov å bruke for tilsette og familiane deira. Bana vart lagt ned i 2006.

– Den mest fantastiske taubaneopplevinga til kona mi var då vi tok Telenors vestlegaste personførande taubane på øya Kinn utanfor Florø. Bana gjekk opp til 228 meter i ei open vogn og med storhavet rett under oss, fortel Norberg, og legg til at også denne bana vart lagt ned i 2006.

Ringerike tidleg ute

Den første taubana kom allereie i 1874 på Ringerike. Ho var 3,8 kilometer lang og frakta nikkelmalm frå gruver i Ertelia til smeltehytta ved innsjøen Væleren. På 1900-talet blei det sett opp mange gruve- og anleggsbaner i Noreg.

Den siste godstaubana i drift i norsk industri frakta trekubbar til Vafos Fabrikker ved Kragerø, og ferdig tremasse tilbake til hamna. Bana vart lagt ned så seint som i 2005.

Offentleg transport

Når det gjeld baner for offentleg persontransport og turisme var Fløibanen i Bergen først ute, og blei opna i 1918. Vestlandsbyen kan også skilte med gondolbane til Ulriken 643 meter over havet, som opna i 1961.

Det er derimot Krossobanen ved Rjukan som er Nord-Europas første gondolbane. Ho opna i 1928 som ei gåve frå Norsk Hydro til innbyggjarane, slik at dei kunne komme seg opp i sola om vinteren. Kabinvognene Tyttebæret og Blåbæret fraktar framleis passasjerar opp til 886 meter over havet – til utsikt over Rjukan, Gaustatoppen, Vemork og området for tungtvass-sabotasjen. Frå øvre stasjon drar folk på tur innover Hardangervidda sommar og vinter.

I 2015 blei bana freda av Riksantikvaren, men er altså i drift.

Moderne turistbaner

– Som Krossobanen var eineståande i si tid, er Loen Skylift like eineståande i vår tid. Det skal både pågangsmot og djervskap til for å starte eit taubaneprosjekt i Noreg i dag som ikkje er knytt til eit alpinanlegg, meiner Bjørn Norberg.

Loen Skylift opna i 2017 og er den første taubana i Noreg med to beretau i kvar retning, eitt trekktau og eitt balansetau, noko som gir stor kapasitet og stabil kabin. Dette er ei pendelbane med to gondolar som vekselvis går opp og ned. Turen frå havnivå og opp til fjellet Hoven på 1.011 meters høgde tek fem minutt. Stigninga er på nesten 60 grader. Det gjer ho til ei av dei brattaste gondolbanene i verda, like bak Mürren i Sveits, kan Norberg fortelje.

På toppen er det utsikt mot Skåla, Lovatnet, Jostedalsbreen, Olden og Nordfjorden.

To kabinar på gondolbana på Strandafjellet. Norddalsfjorden og Tafjordfjella i bakgrunnen.
Foto frå boka: Karsten Gefle / Museumsforlaget

To kabinar på gondolbana på Strandafjellet. Norddalsfjorden og Tafjordfjella i bakgrunnen. Foto frå boka: Karsten Gefle / Museumsforlaget Foto:

Nord-Europas mest moderne gondolbane opna i fjor og heiter Voss Gondol. Den tek oss til Hangurstoppen 820 meter over havet med utsikt over Vossevangen, Vangsvatnet og fjellheimen rundt. Bana har eit fritt spenn på 900 meter frå nedre stasjon til den første masta. Ni gondolar med namn frå ulike fjelltoppar i området tek 34 personar kvar, og har kapasitet til å frakte 1.069 personar i timen kvar veg.

Voss Gondol avløyste den populære Hangursbanen med vognene Dinglo og Danglo, i drift frå 1963 til 2015.

Flest skiheisar

Dei fleste taubanane våre i dag er knytt til vintersport. I 2017 var 779 av dei til saman 816 taubanene med norsk driftsløyve ein skiheis. Den første skiheisen vart sett opp i Tryvannskleiva i Oslo i 1938 etter inspirasjon frå Sveits. Nord-Europas første gondolbane til eit alpinanlegg opna i 1957, på Fagernesfjellet over Narvik.

Ser du etter den nordlegaste gondolbane i verda må du til Svalbard. Der går det taubane oppover Zeppelinfjellet ved Ny-Ålesund. Bana frå 1989 sørgjer for omtrent klimagassfri persontransport opp til eit observatorium 475 meter over havet.

Framtida

– Korleis blir framtida for taubaner?

– Eg trur mange alpinanlegg vil få store problem med snømangel grunna klimaendringane. Dei må lenger opp til fjells. Men dei nye spektakulære banene bygd for turisme kan klare seg. Det finst nye luftige planar fleire stader i landet. På Åndalsnes er dei no ferd med å byggje ei bane til Nesaksla etter prinsipp som i Loen, fortel Bjørn Norberg.

(©NPK)

Artikkeltags