Klima- og miljøfiendtlege hytteplanar mot Råen!

Jon Ingebretsen

Jon Ingebretsen Foto:

Av
DEL

Debatt

Å bygge eit stort antal hytter med tilhøyrande infrastruktur i fjellbjørkeskogen opp mot Råen i Tuddal er heilt forkasteleg av fleire årsaker. (Råen er den snaue fjellryggen frå Flistjønnskaret og ut til Råenden, medan Gaustaråen er partiet frå Gaustaknea og inn mot Gaustatoppen).

Bjørkebeltet ovanfor fjellgranskogen og opp mot snaufjellet er ein viktig buffer mot vær og vind for områda nedanfor. Ved å opne denne bjørkeskogen med hyttetomter, vil lokalklimaet i området bli forverra. Når nordavinden både titt og ofte slær ned gjennom Flistjønnskaret og ned liane frå Råen, vil han brøyte seg veg gjennom den fragmenterte og «punkterte» fjellbjørkeskogen, noko både dei nye hyttene og tidlegare hytter lenger nede vil få merke smerteleg.

Fjellbjørkeskogen er dessutan det viktigaste leveområdet for ei rekke dyr og fuglar gjennom heile året. Når hyttetomter splittar opp i denne sona, fører det til at dei biologiske kvalitetane blir borte, noko som og vil bli forsterka av tidvis trafikk og støy i området.

Kosmetiske tiltak og løysingar som å ta vare på interessante og spesielle enkeltforekomstar er miljømessig alibi, og har ingen ting å gjera med avbøtande verknadsfulle tiltak.

Konklusjon: Å ta fjellbjørkebeltet i bruk til omfattande hyttebygging er derfor den verst tenkelege arealforvaltninga, som bryt med alle klimatiske, miljømessige og økologisk berekraftige prinsipp.


Jon Ingebretsen

gaustatoppkjennar og grøn politikar

naturrettleiar


Artikkeltags