Fylkesveg 2814 Tinn-Nore Uvdal

Eg tenker på avgjørelsen av at vegen over Imingfjell dessverre ikkje vart vinteråpen.

Stor skuffelse for dem som må kjøyre den långe omvegen, til og med 10 mil i feil retning.

Stor skuffelse for månge i Tinn og Nore Uvdal som har håpa på at sannheten ang. rein i forhold til vegen kom fram.

Dette blei også bevist frå Rv 134 der det vart bruka helikopter for at ikkje rein skulle krysse vegen.

Før gjette dem tamrein no gjeter dem villrein ……. Kva skjer til slutt?

La rein gå der han vil for å finne seg mat, det har me sett den har gjort gjennom 60-70 år på setervoller, fellesbeiter, på Imingfjell myljom hytter og folk, og ved kryssing av vegen.

Hyttefolket har vore flinke til å ta hensyn til rein når den oppdages i nærheten.

Eg meiner at henvendelsen frå ordføreran i begge kommunene med ønske om «i hvert fall vinteråpen veg til Småroe» på Tinnsida var uheldig.

Dette var nok midt i blinken for kommunal og moderniseringsminister Nikolai Astrup og co, det var nok ingen store diskusjoner for det premisset der.

Nye folk, nye sjanser!

Tinn Austbygd

Hans E Gunleiksrud