Fryktar for villreintrekk om E134 vert rusta opp

Villreinforskar Olav Strand.

Villreinforskar Olav Strand. Foto:

Vasskraft og vegar sperrar for villreinen i Setesdal-Ryfylke, og forskarar fryktar konsekvensen av at E134 vert rusta opp.

DEL

(Hardanger Folkeblad) I ein ny rapport, med tittelen «GPS villreinprosjektet i Setesdal-Ryfylke – avbøtande tiltak», vert det anbefalt fleire tiltak for å betra situasjonen for det som er den sørlegaste bestanden av villrein i Europa. Mellom anna foreslår forskarane å flytta turisthyttene Øyuvsbu og Storsteinen.

«Oppdemte vannmagasin har stengt tradisjonelle trekkveier for villrein og skapt trange trekkpassasjer. I tillegg gir anleggsveger økt ferdsel med bil og sykkel inn i kjerneområdene for villrein. Fremtidige tiltak må legge til rette for at bestanden blir robust nok til å håndtere endringer i ferdsel og bruk», opplyser Olav Strand, forskar ved Norsk institutt for naturforskning (NINA).

Vidare trekk rapporten fram dei sårbare områda frå Hovden og langs E134 over Haukeli, som betyr mykje for utveksling av dyr mellom Setesdal-Ryfylke, Setesdal Austhei og Hardangervidda.

«Det er grunn til å frykte at opprusting av E134 vil stoppe all utveksling mellom Setesdal-Ryfylke og Hardangervidda. Samtidig er dette en unik mulighet til å forbedre trekket vest for Haukeliseter gjennom godt planlagte tunneler, vegtraseer og rasteplasser», heiter det på NINA sine nettsider.


Artikkeltags