Fekk 556 CWD-prøvar: – Jegerane har gjort ein god jobb

Nøgd: Svein Erik Lund er nøgd med innsamlinga av prøvar.

Nøgd: Svein Erik Lund er nøgd med innsamlinga av prøvar.

Artikkelen er over 1 år gammel

684 reinsdyr vart felt på Hardangervidda i jakta, og ein er nøgd med at det vart tatt CWD-prøvar frå 556.

DEL

(Hardanger Folkeblad) – Det er levert inn prøvar frå minst 91 prosent av dyra. Jegerane har gjort ein god jobb, roste Svein Erik Lund då han summerte årets reinsjakt.

Sekretæren for Hardangervidda villreinområde innleia haustmøtet med å forklara at det i haust vart felt 684 dyr av kvoten på 1500. Dette er like mange felte dyr som sist kvoten var 1500, men færre enn Mattilsynet hadde håpa å få CWD-prøvar frå.

– I år var det ein ekstremt høg del fri dyr i kvoten, noko vi ikkje er vane med, og det naturlege resultatet er at det vart felt mykje vaksen bukk. Av ein merkeleg grunn er det felt lite ungdyr, men det er grunn til å tru at ungdyra som vart felte i år faktisk er ungdyr, og at ein ikkje hadde grunn til å rapportera simler som ungdyr, kommenterte Lund vidare.

64 prosent av dei felte dyra var vaksen bukk, dette fordi ein ønska flest mogeleg CWD-prøvar frå denne kategorien. Minst 200 dyr vart felt etter at kortet vart overført til eit anna vald. Jegerane har send inn 556 prøvar, noko Lund er nøgd med, men han la til at mange hadde manglande informasjon som fører til mykje etterarbeid.

– Signalet er at ein ønskjer høgt hanndyruttak eit år eller to til, forklarte Lund.

Les også:

Sju åtvara og sju saker melde etter jakt

Debatt om å flytta turisttrafikken

Fryktar splid i fjellet når kommunane slår seg saman 

Artikkeltags