Ingen felte villrein med skrantesjuke

Illustrasjonsfoto. Arkivfoto: Olav Strand

Illustrasjonsfoto. Arkivfoto: Olav Strand

Av

Blant dei vel 4.100 villreinane som blei felt under villreinjakta i år er det ikkje påvist skrantesjuke hos nokon av dyra. Styresmaktene meiner likevel det er for tidleg å friskmelda bestandane.

DEL

(Hardanger Folkeblad) I samband med villreinjakta har det vore knytt stor spenning til om det ville bli avdekt fleire tilfelle av den frykta sjukdommen. Det har mellom anna vore eit krav at jegerane måtte senda inn prøvar til analyse for all villrein over eitt år.

Miljødirektoratet fortel at jegerane har vore flinke til å senda inn prøvar til Veterinærinstituttet, men at det likevel trengst fleire prøvar før ein kan friskmelde bestandane. Særleg hastar det med å få inn fleire prøvar frå naboområda til områda der det er påvist villrein med skrantesjuke, heiter det.

Det vil seia Nordfjella sone 2 og Hardangervidda. Styresmaktene er særleg interessert i prøvar frå villreinbukkar, då bukkane ifylgje Miljødirektoratet har dobbelt så stor risiko for å bli smitta som simlene.

Les også:

Nedgang i villreinjakta

Utfordringar med på telja villrein

Debatt om å flytta turisttrafikken 

Direktoratet arbeider no med korleis ein kan auka talet på prøvar frå villrein.

– Vi har ein dialog med lokale villreinnemnder og utval om korleis ein kan oppnå eit betre uttak gjennom jakta neste år. Også andre tiltak må vurderast, mellom anna behovet for ekstraordinært uttak i Nordfjella i vinter, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet og Mattilsynet har dessutan bede om råd frå ei fagleg ressursgruppe om kor mykje det hastar med å få friskmelding av villreinen og kva som er den beste måten å oppnå dette på.

(©NPK)

Artikkeltags