Klagarane nådde ikkje fram dit dei ville

Kritiske: Torleif Fresvik, Eivind Tokheim og Hildegunn Espe har nytta mykje tid på å kjempa mot eit høgt uttak av bukkar i reinsjakta. Espe er medlem i Ullensvang fjellstyre, som har støtta kvoteforslaget.Arkivfoto: Kristin Eide

Kritiske: Torleif Fresvik, Eivind Tokheim og Hildegunn Espe har nytta mykje tid på å kjempa mot eit høgt uttak av bukkar i reinsjakta. Espe er medlem i Ullensvang fjellstyre, som har støtta kvoteforslaget.Arkivfoto: Kristin Eide

Odda og Røldal fjellstyre bad om at Klima- og miljødepartementet skulle handsama ankesaka om kvote på Vidda. Dei vart ikkje høyrde.

DEL

(Hardanger Folkeblad) Røldal og Odda fjellstyre klaga på både storleiken på årets kvote for reinsjakta, og at ein berre vil ta ut vaksen bukk. Dei to fjellstyra nådde ikkje fram med klagen, som i utgangspunktet ikkje kunne ankast.

Dei to stilte vidare spørsmål om habiliteten til sakshandsamaren i Miljødirektoratet som avviste klagen om det store bukkeuttaket i jakta, fordi han alt hadde uttalt seg om saka.

I tillegg meinte dei at det er Klima- og miljødepartementet som er ansvarsmyndigheit i forhold til naturmangfaldlova og ikkje Landbruksdepartementet.

På bakgrunn av dette bad dei om ny handsaming av saka, som har sitt utgangspunkt i at Villreinnemnda gjekk inn for eit uttak på opp mot 1800 vaksne bukkar for å tilfredsstilla Mattilsynet sitt krav om prøvar av CWD.

Villreinstamma er no under bestandsmålet, og dette saman med fleire uavklarte spørsmål kring vidare arbeid med CWD i Noreg gjere at det har kome sterke reaksjonar lokalt.

Kritikarane har mellom anna bedt om meir tid for å sikra prøvane.

«Vi viser til dykkar e-post 27. juni 2019 med brev til Klima- og miljødepartementet om kvotevedtak for Hardangervidda villreinområde 2019. Dykkar bed i brevet departementet om å gjere om direktoratets vedtak. Vi ønskjer å informere om at vi i dag har vidaresendt dykkar førespurnad til Landbruks- og matdepartementet som rette myndigheit», heiter det i eit svar sendt frå avdelingsdirektør Torbjørn Lange (e.f.) i Klima- og miljødepartementet til Odda fjellstyre.

Artikkeltags