Jon Rikard Kleven foreslått som ny fylkesleiar

TELEMARK OG VESTFOLD: Valgkomiteen i Telemark Senterparti har samrøystes innstilt overfor fylkesårsmøtet Jon Rikard Kleven, ordførar i Vinje som ny fylkesleiar i Telemark Senterparti.

DEL

(Telemarksavisa) Det kjem fram i en pressemelding.

Olav Urbø, Tokke har etter 4 år som fylkesleiar takka nei til attval.

Jon Rikard Kleven er 47 år og bur i Øyfjell i Vinje kommune. Han er utdanna jurist og var varaordførar i Vinje kommune frå 2011 til 2015 og blei valt til ordførar etter kommunestyrevalet i 2015 for perioden 2015-2019.

Ved valet i 2019 oppnådde han og Senterpartiet reint fleirtal med 52,6 prosent og 14 mandat i kommunestyret, står det i pressemeldinga.

Valgkomiteen har elles foreslått følgjande:

2. nestleiar: Heidi Herum, Bamble, attval 2 år

Styremedlem: Bjørn Sverre Sæberg Birkeland, Tinn, attval 2 år

Valgkomiteen har også innstilt overfor årsmøtet å utvide fylkesstyret med ein person og har foreslått Knut Jarle Sørdalen, Kragerø.

Som fast møtande 1. vara til fylkesstyret er foreslått Kristian Leerstang Sørensen, Porsgrunn.

Ikkje på val:

1. nestleiar: Åslaug Sem-Jacobsen, Notodden

Studieleiar: Kari-Anne Nordbø, Nissedal

Styremedlem: Borgar Kaasa, Bø

I tillegg møter fast i styret

Torunn Brukåsa Kleiva, Nome, leiar Telemark Senterkvinner

Robert Lien, Skien, leiar Telemark Senterungdom

Jan Thorsen er foreslått som fast møtande som nestgruppeleiar i Vestfold og Telemark Senterparti si fylkestingsgruppe. Kathrine Kleveland møter i styret i Vestfold Senterparti.

Valgkomiteen har hatt følgjande medlemmer:

Birgit Johanne Olsnes, Tokke, leiar

Kjell A Sølverød, Siljan

Gunhild Lurås Tinn

Rønnaug Woxen Thoen, Midt-Telemark

Artikkeltags