Gå til sidens hovedinnhold

Ope brev til helseansvarlege i Tinn kommune.

Leserbrev Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Nokre spørsmål angåande legekontoret på Tinn Helsetun.

1. Kom det brått på administrasjonen i kommunen at det var problem med å bemanne legestillingane på Tinn Helsetun? Det har skapt store problemer for oss som soknar til fastlege på Tinn Helsetun, at kontoret vart stengt så og si over natta. Det er menneske det gjeld, sjuke, gamle, unge, eg synes vi fortener meir respekt enn ein kort informasjon om at legekontoret er stengt, og at pasientar blir betjent frå Rjukan legesenter etter 18. Mai.

2. Ang. prosessen med å rekruttere leger. Merete Skui seier at det har vore ein utfordrande rekrutteringsprosess. Kan du forklare nærare kva som har vore utfordrande ved dette?

Vi fortener konkrete, ordentlege svar, ikkje berre den faste frasen om at det er mangel på fastlegar i Norge. Dette gjeld kontoret på Tinn Helsetun, ikkje problemer i resten av landet. Det kan hende det finst nokon kreative personar i kommunen som kan bidra med forslag til løysingar slik at prosessen vert mindre utfordrande for dei ansvarlege. Men vi må få konkret informasjon om kvifor søkarar takkar nei, og kva kommunen tilbyr dei.

3. Ang. legedekning i perioden 5. til 18. mai. Er det lovleg av Tinn kommune å la mange hundre pasientar vera utan fastlege?

4. Ang. legedekning frå 18. mai og fram til slutten av juli. Merete Skui seier at fastlegelista betjenes av vikarlegen ved Rjukan legesenter frå 18. mai. Kvifor kan ikkje vikarlegen begynne på Tinn Helsetun sitt legekontor frå 18. mai?

Dersom det er problem for ein vikarlege å betjene kontoret på Tinn Helsetun frå ansettelsesdato, så vil vi gjerne vita grunnen til dette. Vi vil ha konrete ordenlege svar på kvifor det er så vanskeleg. Kva er det som gjer at mange hundre pasientar må reise til Rjukan legesenter for legetime, blodprøver, urinprøver, mm. når ein lege og ein turnuskandidat kan vera i Austbygde tre dagar i veka. Pasientreiser må betale lengre reiseveg med privatbil eller drosje, ein dårleg løysing med tanke på økonomi. Dersom vi får ordenleg informasjon og klare svar frå administrasjonen ang. rekrutteringsproblemer med leger til Tinn Helsetun, angåande tilsetting og bruk av vikarlege etter 18. mai, så kanskje vi som bur i bygdene kan vera til hjelp og koma med forslag til løysingar, i staden for at vi blir blir overkøyrd med korte beskjedar og overskrift i RA om at legekontoret i Austbygde står ubemanna framover.

Vi er mennesker og innbyggarar i Tinn Kommune som fortener respekt, som fortener informasjon, som fortener betre behandling enn det som helseansvarlege i kommunen har gjeve oss. Ingen er tjent med mistillit, god inforasjon løyser som regel mange problem.

Ser fram til svar frå ansvarlege i kommunen.

Sigrid Lurås Nørstebø, Tessungdalen