Usikkerhet i befolkningen angående legedekning og laboratorietenester ved Tinn Helsetun er det kommuneleiinga sjølv som har skapt, den skapes IKKJE ved at Pensjonistlaget eller andre stiller spørsmål og krev informasjon. Vi har opplevd frå kommuneleiinga at legekontoret vart stengt så og si over natta utan tilstrekkeleg informasjon, ikkje eingong dei tilsette ved Helsetunet visste noko, og pasientar kom til avtalt time til stengt kontor. Slik handsaming av befolkningen skaper usikkerhet og liten tillit til kommuneleiinga. Dette vil vi ikkje oppleve igjen, derfor forstår vi at vi må fylgje med sjølv, kreve informasjon og stille spørsmål. Eg trur det er svært få som er naive lengre! Eg trudde dei tilsette i kommuneadministrasjonen og folkevalde politikarar skulle tene befolkninga, men eg tek kanskje feil? På spørsmål om legekontoret blir stengt i sumar, svarar leiar i helse og sosialutvalet: «Det kan være at det blir det, men vi jobber for å rekruttere nok leger til de ledige stillingene i Tinn. Det er en utfordring å rekruttere fastleger på Rjukan og i resten av landet også» seier han.

Korleis har de da tenkt at legesenteret på Rjukan skal ha kapasitet til å ta imot egne pasientar +pasientar frå bygda + hytteturistar frå heile kommunen + flyktningar frå Ukraina, når de ikkje får legar til Rjukan? Dette gjeld ikkje berre legetenester, men også i høg grad laboratorietenester som er ein svært viktig del av helsetenestane våre. Det er slik at tilsette i administrasjonen og folkevalde politikarar er sett til å ta ansvar og har fått mandat til å ta avgjerder på befolkningen sine vegne. Vi, som innbyggarar i kommunen har ein demokratisk rett til å stille spørsmål. Vi skal forvente presis og ærleg informasjon om viktige saker som i høg grad angår oss. Det bør ikkje kallast kritikk, men ein rett vi som innbyggarar har til å delta i samfunnet. Openhet og ærleg informasjon skaper tillit og trygghet.

«Det er vedtak om at det skal vera lege i Austbygde, det står fast» seier Vidar Stang. Så svarar han på spørsmål fra RA: «Men det kan være at legekontoret blir stengt i sommer» Slike uttalelsar skaper usikkerhet. Det er eit ja/nei spørsmål som blir stilt om legekontoret blir lagt ned i sumar, da bør Vidar Stang vera meir presis i svaret sitt.

Vi veit at det er fastlegekrise. Vidar Stang forventar at helseminister Kjerkhol tek grep i forhold til fastlegekrisa. Eg forventar at Vidar Stang og kommuneleiinga tek grep i forhold til lege – og laboratorietenestar ved Tinn Helsetun, slik at vi slepp å koma til stengt kontor. De har hatt god tid etter vedtaket i Oktober til å jobbe fram ei løysing til beste for oss som brukar legekontoret i Austbygde. Det burde vore ein plan på plass for permanent ope legekontor og laboratorium no, slik at me slepp meir usikkerhet. Det synes å vera for lettvint å berre stenge ned og sende oss til Rjukan Legesenter utan, slik det ser ut, å jobbe med andre løysingar. Pensjonistlaget krev betre og opnare kommunikasjon – det er på sin plass og må takast på alvor!

Vedtak i kommunsestyret i oktober seier at det skal vere lege i Austbygde. Kan vi tru på at dette vedtaket blir fylgd opp? Eg berre spør!

Tessungdalen 05.05.22

Mvh Sigrid Lurås Nørstebø