Eg har fått svar frå administasjonen v/Merete Skui og Gry Anja Hammersborg, på brevet mitt. Som vanleg er det henvisning til internett for å finne ut kva som er stoa.

Eg ba om informasjon- eg får henvisning til internettadresser. Eg veit ikkje kor mange gonger det må presiserast frå mange hold at det ikkje er alle kommunens innbyggarar som er på nettet, informasjonen må ut via andre kanalar for å nå alle.

Helse – familie og levekår er dei viktigaste tenestane me har. Det er kansje dei som mest treng hjelp som ikkje er på nettet, og som treng og bør få informasjon. Omtanke og omsorg er ikkje av vegen. Det bør vera eit overordna mål å nå ut til alle innbyggarane med viktig informasjon som nedlegginga av fastlegekontoret i Austbygde, og kva vi kan vente oss med utekontor.

Leiar i Helse og Omsorgsutvalet synes ikkje å vera sannferdig og ærleg i artikkelen i RA. Han slår fast at det skal vera lege i Austbygde, til og med at posisjonen og opposisjonen var enig i vedtak av 21.10.21. Han avviser det han kallar kritikk og skuldar pensjonistlaget for å skape usikkerhet. Seier også at det kan vere at legekontoret i Austbygde blir stengt i sommer, «men vi jobber med å rekruttere leger». Rekruttering av leger har ingenting med stenging av legekontoret om sumaren å gjera. Vidar Stang har sjølv vore med på vedtak om utekontor der det står svart på kvitt at kontoret blir stengt i feriar og annet nødvendig fravær. Administrasjonen kan på den måten stenge akkurat når det passar med kommunestyrevedtak i hånd.

Vedtak i Helse og Omsorgsutvalet 4.10.2021. Leiar: Vidar Stang Tinn Kommune organiserer legetenesten med eit fastlegekontor i kommunen, men med utekontor i Tinn Austbygd. Wenche Haaven frå SP fremma forslag om å benytte Nordsjøturnus. Haaven sitt forslag blei satt opp mot kommunedirektørens, og falt mot 2 SP stemmer. Det er fleir punkt i vedtak, men det er ikkje plass til å få med alt.

Behandling og vedtak i kommunestyret 21.10.2021. Primært opprettholdes vedtak fra Helse og Omsorgsutvalget altså med eit fastlegekontor og eit utekontor. Wenche Haaven, SP, fremma forslag om å organisere legetjeneten med to fastlegekontor i kommunen, ett på Rjukan og ett i Austbygde. Vedtak i kommunestyret: Tinn kommune organiserer legetjenesten med ett fastlegekontor i kommunen, men med utekontor i Tinn Austbygd. Sentraliseringpartia i Tinn, H, AP og FRP saman med SV stemte for ett fastlegekontor, 18 stemmer. Senterpartiet stemte for 2 fastlegekontor, 7 stemmer.

Det er nokon punkter og tilleggsforslag i vedtaket. Alt finns på kommunens heimesider, og dersom kommunen ikkje finn det nødvendig å informere på annan måte enn på nett, så kan de kontakta meg hvis de vil lesa heile innstillinga. Eg visste ikkje betydning av utekontor. Alle eg har snakka med er sjokkera over å oppdage kva som eigentleg har hendt. Med uttalelsene sine i avisa, så har Vidar Stang skapt urealistiske forventningar og omgått sannheten på ein ullen og uklar måte. Det er skremmande.

Målet for utekontor er å ha ope 3 dagar i veka med unntak av feriar og anna nødvendig fråvær. Kommunedirektøren tegnar eit heller dystert bilete av om det går an å få til å ha ope 3 dagar, det kan dreie seg om ein dag, og det blir heilt sikkert stengt i feriar.

Risiko for suspensjon av fastlegeordninga er også eit tema i innstillingen som eit argument/skremmeskudd for å legge ned fastlegekontoret i Austbygde. Det er fastlegekrise. Kommunedirektøren peikar på utfordringen med utekontor – usikkerheten om det er mulig å rekruttere i dagens arbeidsmarked. Det kalles rekrutteringsulempe å prøve å få leger til å jobbe på utekontor. For å motvirke rekrutteringsulempen legges det inn ein utekontorkompensajon som et rekrutterings og stabiliseringstiltak. Blir det enklare å rekruttere fastlegar med å legge ned kontoret i Austbygde?

Eg tvilar på at fastlegekrisa blir løyst med eit slikt vedtak.

Vidar Stang seier altså med stor sikkerhet i avisa at vedtaket om lege i Austbygde står fast og at det ikkje må skapes usikkerhet om det. Den usikkerheten har du sjøv laga med vedtaket 21.10.21. Rart at du ikkje hugsar det. Eg forventar forklaring på kvifor du seier at posisjon og opposisjon var enige. Det får eg ikkje til å stemme når vedtaket vart 18 – 7.

Målet med utekontor er å ha ope 3 dagar i veka med unntak av ferie og anna nødvendig fråvær. Heilgardering på alle måtar. Vi kan kome til stengt legekontor i Austbygde utan å kunne protestere. Det er vanskeleg å tru at vi kan forvente informasjon frå kommunen.

Det er vedtatt ein uholdbar og uforutsigbar situasjon for oss når det gjeld helsetenester. Kva med bebuarane på Tinn Helsetun og framtida der? Blir det også lagt ned som eit ledd i planane?

Ein blir skuffa, rådvill, nedstemt og motlaus over slik handsaming av innbyggarane. Tinn er ikkje ein kommune ein får lyst til å framsnakke som ein god framtidsretta og velfungerande kommune. Det er trist, og gjer ikkje saken betre iforhold til fastlegekrisa. Dårleg informasjon ut til innbyggarane skaper utrygghet og misnøye.

Det er kommunestyreval i 2023, da er det å håpe at befolkningen hugsar kva som har blitt gjort av H, AP og FRP i denne perioden og stemmer annleis for å ta kommunen i ein annan og betre retning for alle innbyggarane. Det er meiningslaust og skremmande at det er viktigare å rive ned gode og velfungerande tilbud, enn å bygge opp. Ventar spent på kva Vidar Stang har å si, anna enn å skulde på fastlegekrisa. Fastlegekrisa unnskylder ikkje uttalelser pakka inn i bomull!


Tessungdalen 22.05.22

Sigrid Lurås Nørstebø